Uvêr rammar fjellovergangar: – Verste kolonnen eg har køyrt i

Stiv kuling og snøbyer har ført til vanskelege forhold i fjellet. – Det blir ganske ruskete vêr utover dagen, melder Vegtrafikksentralen.

Kolonnekjøring over riksveg 7 Hardangervidda søndag 13. januar 2019.

SAKTE: Christine Neumann sat i denne bilen over Hardangervidda seint sundag kveld. Måndag er det stengt for personbilar. – Den heftigaste kolonnen eg har køyrt i. Video: Christine Neumann

Sjå oversikt over alle fjellovergangar nedst i saka.

– Det ser ut til å bli stiv kuling til langt ut på natt, seier trafikkoperatør John Andreas Omdal ved Vegtrafikksentralen.

Kraftig vind og snøbyer har gitt utfordringar for trafikken på fjellovergangane i Sør-Noreg måndag. I tillegg har to polare lågtrykk gitt vanskelege forhold for ferjer, fly og trafikk på Nordvestlandet.

Ifølge Avinor sleit fleire fly med å landa på Ålesund lufthamn Vigra. Måndag morgon blei også bygda Geiranger på Sunnmøre fullstendig isolert.

Gult farenivå i fjellet

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farenivå for heile fjellet i Sør-Noreg på grunn av vanskelege køyreforhold. I tillegg er det raudt farenivå på grunn av stor snøskredfare for Indre Fjordane.

Sundag kveld og natt til måndag blei det i tur og orden innført kolonnekøyring på Hemsedalsfjellet, Hardangervidda, Haukelifjell, Strynefjellet og Vikafjellet.

Måndag er Dovrefjell, Strynefjellet, Venabygdsfjellet og Tyin-Årdal heilt stengd. Ras har allereie stengd vegar på både Vikafjellet og i Jølster.

Kolonne på Hemsedalsfjell

KULING: Riksveg 52 over Hemsedalsfjell kan måndag formiddag bli stengd på kort varsel. Det blir køyrd kolonne.

Foto: Statens vegvesen / Webkamera
Laster Twitter-innhold

Måndag er det varsla opp til stiv kuling på fleire fjellovergangar. Kombinert med tidvis mykje snø, slit brøytemannskapa med å halda vegbanen rydda for snø.

– Det er snø og vind i heile Sør-Noreg. Hardangervidda stengde for kort tid sidan på grunn av vinden. Men også på Filefjell, som normalt er ein sikker vinterveg, er det utfordrande å halda heilt ope. Vegen blæs fort att, seier trafikkoperatør Omdal.

Og ifølge meteorologane ser det ikkje ut til å gi seg med det aller første. Dermed kan det bli ein lang tur over fjellet for dei som skal mellom aust og vest i Sør-Noreg.

Kaos på ferjekaia i Molde

MOLDE: Det blir meldt om tidvis kaotiske tilstandar på Molde ferjekai på grunn av mange avlyste avgangar på sambandet Molde-Vestnes.

Foto: Gunnar Sandvik

Stansar ferjer og fly

I Møre og Romsdal har uveret gitt fleire konsekvensar. Ifølgje Avinor slit fleire fly med å landa på Ålesund lufthamn Vigra. Difor har fleire fly som skal til Ålesund ikkje tatt av frå sine respektive flyplassar i det heile.

Også ved Molde lufthamn, Årø og Ørsta-Volda lufthamn, Hovden, er det fleire forseinkingar.

Uveret har også ført til fleire stengde ferjesamband. Eit av dei største, Molde–Vestnes, var stengt mellom klokka 03.00 og 08.30. Politiet melda om kaotiske tilstandar på ferjekaia i Molde.

Det er også glatte vegar på Nordvestlandet, noko som har ført til fleire utforkøyringar.

Det er ikkje meldt om alvorlege personskadar så langt.

Leiro bom,14 januar

KOLONNEKØYRING: På riksvei 7 Hardangervidda er det kolonnekøyring for køyretøy over 7,5 tonn. Det er stengd for personbilar på grunn av uvêr. Her er Leiro bom like før klokka 16 i ettermiddag.

Foto: Statens vegvesen

Framleis venta kraftig vind

Ifølge meteorologen er det venta gradvis minkande vindstyrke utover dagen. I tillegg til stiv kuling på fjellet, har vêret gitt kuling og storm langs kysten av Vestlandet.

– Det mest intense er no i formiddag og tidleg på dagen, før det er venta litt mindre vind utover ettermiddagen og kvelden, seier meteorolog Gunnar Livik ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Det er venta snøbyer utover dagen.

Dette er status på fjellovergangane klokka 19.40:

  • Rv. 7 Hardangervidda: Kolonnekøyring for køyretøy over 7,5 tonn. Stengd for personbilar på grunn av uvêr.
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Kolonnekøyring på grunn av uvêr. Kan bli stengd på kort varsel.
  • E134 Haukelifjell: Kolonnekøyring.
  • E16 Filefjell: Ope.
  • Rv. 15 Strynefjellet: Stengd på grunn av uvêr.
  • E6 Dovrefjell: Ope for fri ferdsel.
  • Rv. 13 Vikafjellet: Stengd ut dagen på grunn av snøras. Ny vurdering tirsdag klokken 10.
  • Fv 53 Tyin–Årdal: Stengd på grunn av uvêr.
  • Fv. 50 Hol-Aurland: Kolonnekøyring.
  • Fv. 27 Venabygdsfjellet: Stengd på grunn av uvêr.