Hopp til innhold

Regjeringa gir grønt lys for 225 kroner i bompengar

Bergen kan femdobla bompengane og la bilistane sponsa gratis kollektivtilbod på dagar med dårleg byluft. Det seier Justisdepartementet, som dermed opnar for bompengesjokk i vinter.

Infotavle i Vågsbotn advarer mot dårlig luft i Bergen

FORUREINAREN BETALER: Ei mild oppfordring er ikkje lenger nok, meiner Bergen kommune. Nå skal skyhøge bompengetakstar brukast til gratis kollektivtilbod når det er dårleg byluft.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Det har i haust vore uvisse om det vil vera lovleg å finansiera gratis buss og bane ved hjelp av midlertidig auka bompengetakstar, men Justisdepartementet har nå slått fast at dei ikkje har merknadar til ordninga.

– Vi er svært glade for dei positive signala frå regjeringa. Av omsyn til bergensaranes helse hastar det å få dette på plass, seier byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap).

Prissjokk mot giftlokk

På enkelte kalde vinterdagar blir det danna «giftlokk» i Bergensdalen der forureina luft blir stengt nede av litt mildare luft høgare oppe – på fagspråket kalla inversjon.

Det var i vår at både bystyret og Hordaland fylkeskommune vedtok å femdobla bompengetakstane og innføra gratis buss og bane når det er meld kalde dagar med helseskadeleg luft i minst to dagar. Fylkeskommunen sette som føresetnad at dei fekk finansiert gratistilbodet med dei auka bompengetakstane.

Luftforureining i Bergen

RAUDT GIR GRATISREISE: Fleire samanhengande dagar med høg luftforureining skal i vinter gi bergensarane gratisbillett på buss og bane.

Foto: Nansensenteret/Ani Vihervaara, Bergen Arkitektskole. Kart: Google Maps

Oslo ønsker å innføra ei tilsvarande ordning.

Rushbilistane betaler for gratisbuss

Med ei femdobling vil kvar passering i rushtida auka frå 36 til 180 kroner for dei som har Autopass med førehandsbetaling, og frå 45 til 225 kroner for dei utan. Utanom rushet skal passering kosta høvesvis 72 og 90 kroner. For store kjøretøy er alle takstar dobbelt så høge.

På slike dagar skal bilistane finansiera gratisbillettane for buss- og bybanepassasjerane.

Anna Elisa Tryti

HASTAR: – Av omsyn til bergensaranes helse hastar det å få dette på plass, seier byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Vegdirektoratet nekta

Men i september sa Vegdirektoratet nei til finansieringsordninga. Dei meinte auka bompengetakstar i Bergen ikkje kan brukast til å dekka gratis kollektivtilbod på denne måten.

I oktober snudde derimot saka, då Samferdsledepartementet overprøvde Vegdirektoratet og sa ja.

Fagfolka i departementet var likefullt usikre på om ordninga faktisk var i tråd med lova:

«Departementet har konsultert Justisdepartementets lovavdeling om dette spørsmålet, og det foreligger usikkerhet. (..) Stortinget ikke har tatt stilling til spørsmålet. Dette taler for at det ikke foreligger hjemmel (..) På den annen side taler formålsbetraktninger for at det foreligger hjemmel...».

– Bergensarane treng dette

Trass i usikkerheita sa Samferdsledepartementet ja til ordninga:

«å bruke bompenger til å dekke kostnader til å redusere forurensning fra biltrafikken i forslaget vil være i tråd med prinsippet om at forurenseren betaler».

No fjernar altså Justisdepartementet den juridiske usikkerheita, ved eit kort høyringssvar til Vegdirektoratet:

«Justis- og beredskapsdepartementet har ingen merknader.»

Giftlokket i Bergen er synlig fra oven

GIFTLOKKET: Skyhøge bompengetakstar i rushtida skal finansiera gratis kollektivtrafikk på sterkt forureina dagar i Bergen i vinter.

Byråd Tryti håpar dette betyr at ordninga kan komma på plass frå 1. januar 2017.

– Me treng dette verkemiddelet raskt.

Ordninga er tenkt å erstatta datokøyring, altså ei par- og oddetalsordning der berre halvparten av bilparken kan køyra. Sidan 2010 har Bergen i to periodar med høg luftforureining brukt datokøyring,