Hopp til innhold

I dag kan ho stikke av med sju Amanda-prisar

Under årets Amandaprisutdeling i Haugesund er produsent Maria Ekerhovd nominert til heile sju prisar.

Maria Ekerhovd

NOMINERT: Maria Ekerhovd er nominert for filmane «Her er Harold», «Mot naturen» og «Dirk Ohm – Illusjonisten som forsvann».

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

I dag samlast filmskaparar, skodespelarar, kritikarar og filminteresserte frå heile landet for å delta på den årlege Amandaprisutdelinga i Haugesund.

Å vere nominert til heile sju prisar her er stort uansett utfall, seier Ekerhovd.

– Det er fantastisk og ein seier i seg sjølv. Amanda er Norges viktigaste filmpris. Det gjev oss merksemd og støtte inn i nye prosjekt, og ein posisjon i bransjen som er viktig, seier ho.

LES OGSÅ: Bent Hamer nominert flest ganger

Leverte fire filmar på eit år

Ekerhovd er produsent for tre filmar som er nominerte for til saman sju prisar.

«Her er Harold» er nominert i fire kategoriar – beste scenografi, beste foto, beste regi og beste mannelege skodespelar. Filmen «Mot naturen» er nominert til beste filmmanus og beste norske kinofilm. I tillegg er filmen «Dirk Ohm – Illusjonisten som forsvann» nominert i kategorien beste filmmusikk.

LES OGSÅ: Her er Harold « NRK Filmpolitiet - alt om film, spill og tv-serier | |Mot naturen « NRK Filmpolitiet - alt om film, spill og tv-serier

– Gullkvinna for norsk film

NRKs kulturjournalist Mikal Olsen Lerøen meiner Ekerhovd representerer norsk films framtid.

– Ho er gullkvinna for norsk film 2014. Ekerhovd klarte det kunststykket å ha fire filmar på norsk kino samstundes. Eg trur ho er den store vinnaren av Amanda 2015.

Fyrste del av prisutdelinga startar 14.30 og andre del frå klokka 21.40. Fire juryar beståande av til saman 18 personar utnemnt av filmbransjens organisasjonar har vurdert årets filmar for Amandaprisen 2015.

LES OGSÅ: Kutter i filmtiltak, har 90 millioner på bok