NRK Meny
Normal

Hydro investerer ein milliard – opnar stengd avdeling og doblar produksjonen

Aluminiumsproduksjonen skal doblast når Hydro lyser ut 90 nye stillingar. – Ein gledeleg dag, seier ordføraren i Kvinnherad.

Hydro sitt anlegg på Husnes

OPNAR ATT: Delar av anlegget her på Husnes blei stengd ned for åtte år sidan. No har det snudd for Hydro.

Foto: Jostein Røstbø / Wikimedia

– Me har tru på framleis aluminiumproduksjon i Norge, seier konserndirektør og leiar for primærmetall i Hydro, Hilde Merete Aasheim.

Hydro offentleggjorde avgjerda i ei pressemelding i dag.

Skal produsera meir aluminium ved bruk av mindre energi

Hydro produserer aluminium i Høyanger, Årdal, Husnes, Karmøy og Sunndal. Aluminiumprodusenten på Husnes la i fjor fram det sterkaste årsresultatet sidan 2008, då 2015-tala viste eit overskot på 270 millionar kroner.

Hilde M. Aasheim på Solamøtet

INVESTERER: Konserndirektør og leiar for primærmetall i Hydro, Hilde Merete Aasheim, konstaterer at Hydro har tru på aluminiumsproduksjon i Noreg.

Foto: Anders Fehn / NRK

Investeringa er eit resultat av at etterspurnaden på verdsmarknaden har stabilisert seg og at Hydro Husnes har gjort det godt dei siste åra.

– Verket vil no gå frå å gå på halv maskin til full kapasitet, seier informasjonsdirektør Halvor Molland.

Forventa investeringskostnad for oppgradering og oppstart er 1,3 milliardar kroner. Selskapet ventar å kunna produsera meir aluminium, men bruka mindre energi når ny teknologi vert teken i bruk i opprustinga.

– Aluminiumsproduksjonen har kome meir i balanse og Hydro har tek ei avgjerd om å starta opp att. Investeringa vil gjera Hydro Husnes endå betre og meir konkurransedyktig framover, seier Molland.

Ordføraren jublar

Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø (H) seier kommunen har venta på denne meldinga i mange år.

Peder Sjo Slettebø

JUBLAR: Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø (H) seier kommunen har venta på denne dagen heilt sidan den eine produksjonslinja blei stengd i 2009.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Nedstenginga av B-hallen i 2009 gav store utslag i lokalsamfunnet. Ting har gått på halv maskin i mange år, og denne meldinga er tidenes julegåve til Kvinnherad og Husnes spesielt, seier Slettebø til NRK.

Investeringa betyr først og fremst auka oppdragsmengde for det lokale næringslivet i Kvinnherad. I tillegg trekk ordføraren fram ein tryggare arbeidskvardag for dei tilsette i Hydro.

– Flagget skal til topps på alle kommunale bygg i dag.

Husnes, Hydro sitt anlegg

STOR PRODUKSJON: Produksjonen går frå 95.000 tonn i året til 190.000 tonn i året.

Foto: Øyvind Breivik / Hydro

Investerer i ny teknologi

På Husnes produserer Hydro i dag rundt 95.000 tonn primæraluminium på årsbasis. Gjenopninga av den såkalla "B-linja", som blei lagt ned i 2009, vil bidra til at den årlege produksjonen på anlegget blir meir enn dobla – til 190.000 tonn i året.

Selskapet vil tilsetja 90 nye fram til anlegget er oppgradert og sett i stand til produksjon i 2020.

– For å halde driftskostnadene nede i perioden sidan 2009, har me nytta utstyr og komponentar frå den stengde linja til drift og vedlikehald i den produserande linja. Dette gjer at me må oppgradera den stengde linja før me startar, og tar då også inn nye teknologielement som vil bidra til auka yting og lågare energiforbruk, seier Aasheim.

Det er venta at linja vil starta produksjonen første halvår i 2020

Siste video

Hjemmesykepleien i Bergen bytter nøkler med elektronisk lås.
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.