NRK Meny

Gode tal for Hydro Husnes

Aluminiumprodusenten Hydro Husnes la i dag fram det sterkaste årsresultatet sidan 2008, med eit overskot på 270 millionar kroner. – 2015 var eit godt år. Dei tilsette har mykje å vere stolte over. No er det viktig at vi held fram arbeidet med å gjere oss endå meir konkurransedyktige, for marknaden er ikkje like god no som første halvår i fjor, seier fabrikksjef Per Øyvind Sævartveit.