Hopp til innhold

Hevinga av KNM «Helge Ingstad» kan starte måndag

Forsvaret skimtar vervindauget dei har venta på. Planen er å starte hevinga måndag, skriv Forsvarsmateriell i ei pressemelding.

KNM Helge Ingstad 5.februar 2019

KLARE: Forsvarsmateriell er klare til å starte hevinga av fregatten måndag.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Heilt sidan KNM «Helge Ingstad» kolliderte med oljetankaren «Sola TS» 8. november i fjor, har arbeidet med å klargjere hevinga av fregatten halde på i Hjeltefjorden.

7. februar melde Forsvaret at dei var klare til å heve fregatten så fort dei fekk eit langt nok vervindauge. Dei treng fem-seks dagar med fint ver for å kunne heve fartøyet.

No trur altså Forsvaret at godvêret som er varsla frå måndag av, kan halde til å få gjennomført hevinga.

– Det ser ut til at vi får det godvêrsvindauget vi har venta på. Derfor startar vi no i helga forberedingane til å heve fregatten, seier Torill Helland i Sjøforsvaret til NRK.

Kranfartøyene Rambiz og Gulliver på Hanøytangen

KRANFARTØYA «RAMBIZ» OG GULLIVER: Det er disse som skal brukast til å heve KNM «Helge Ingstad".

Foto: Jon Bolstad / NRK

Bølger og vind kan stoppe hevinga

Fordi det ikkje er vanleg med lange godversperiodar i Hjeltefjorden på denne tida av året, har fleire vore skeptiske til at hevinga kunne kome i gong før påske.

Bergingsarbeidet kan ikkje gjennomførast om bølgene er over ein halv meter høge eller vinden blåser ti meter i sekundet.

Men no ser vêrmeldinga lovande ut frå måndag av.

Vanskeleg operasjon

Dei to kranfartøya «Gulliver» og «Rambiz» skal ta del i det tunge og krevjande løftet. Operasjonen er noko av det vanskelegaste som er gjort nokosinne i norsk havområde.

I fyrste omgang skal KNM «Helge Ingstad» løftast berre nokre få centimeter opp frå havbotnen. Samstundes skal skipet rettast opp. Meininga er å få festat dei siste av kjettingane rundt skroget.

I neste omgang skal fregatten tømmast for vatn. Det skal skje ved at den løftast opp til den ligg normalt i sjøen. Deretter skal ein fraktelekter senkast ned i vatnet og under det skadde skroget og deretter hevast.

Operasjonen krev maksimalt ein halv meter høge bølger. Samstundes er det viktig med lite vind i til saman fem dagar.