NRK Meny
Normal

Her var det varmast i landet i går

Ulvik i Hordaland var i går den varmaste staden i landet, og temperaturen som blei målt slo ein 125 år gammal fylkesrekord. Vestlandet, Trøndelag og Nordland toppar lista over gårsdagens varmaste stadar.

Bading i Ulvik

BADING: Med 34,4 grader i lufta freista det med ein dukkert i fjorden i Ulvik i Hordaland i går.

Foto: Bjørnberg Fred Eirik

Sol over store delar av landet gav temperaturar over 30 grader mange stadar i Noreg i går.

Med 34,4 grader hadde Ulvik i Hordaland både den høgste temperaturen målt i Noreg i går, og slo alle tidlegare temperaturar målt på denne staden.

– Ulvik var varmast i landet med 34,4 grader, seier vakthavande meteorolog Tone Christin Thaule ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

– Førre rekord for Ulvik var 31,6 og den blei målt i 1969. Så den nye rekorden slo den gamle med ganske mykje, seier Thaule.

Topp ti: Her var det varmast

Fleire andre stadar fekk også over 30 grader, og det var Vestlandet, Nordland og Trøndelagsfylka som hadde det aller varmast, medan alle dei lågaste temperaturane som blei målt i går blei målt i Finnmark.

Sydenliv i Kristiansand

SYDENSTEMNING: Det var 25 varmegrader og full sol i Kristiansand onsdag ettermiddag.

Foto: Daniel Jacobsen

Dette var dei ti varmaste stadane i Noreg onsdag 9. juli:

  • Ulvik i Hordaland: 34,4
  • Saltdal i Nordland: 33,3
  • Lærdal i Sogn og Fjordane: 32,8
  • Frosta i Nord-Trøndelag: 32,7
  • Narvik lufthamn i Nordland: 32,5
  • Hitra i Sør-Trøndelag: 32,5
  • Mosjøen i Nordland: 32,4
  • Åfjord i Sør-Trøndelag: 32,3
  • Tafjord i Møre og Romsdal: 32,3
  • Laksfors i Nordland: 32,2

LES OGSÅ: Sydenstemning i hele Norge | No vert det sydenstemning i vest

Tropenatt fem stadar i landet

Dei lågaste temperaturane som blei målt i går blei alle målt i Finnmark, og dette var dei fem stadane der det var kaldast onsdag 9. juli:

  • Vardø lufthamn i Finnmark: 7,5
  • Vardø radio i Finnmark: 8,0
  • Makkaur fyr i Finnmark: 9,0
  • Gamvik i Finnmark: 9,1
  • Vadsø lufthamn i Finnmark: 9,5

Det siste døgnet er det også registrert tropenetter fleire nokre stadar i landet og i Nordland var det tropenatt både på Skråvær fyr, Straumsnes og på Andøya. I tillegg blei det registrert tropenatt på Eigerøya i Rogaland og på Lindesnes i Vest-Agder.

LES OGSÅ: Nå kan hele landet hoppe i havet | Varmen i nord sprenger rekorder

Ulvik slo Hordalandsrekord frå 1889

Ulvik i Hordaland

VARMAST: Alexandra Nadia Boutazert tok dette biletet på tur i Ulvik i går.

Foto: ALEXANDRA NADIA BOUTAZERT

Gårsdagens temperatur i Ulvik sette også ny varmerekord for Hordaland fylke. Den gamle varmerekorden for Hordaland blei sett heilt tilbake i 1889 og var på 34 grader på Voss, skriv Avisa Hordaland.

I Hordaland blei det også sett nye rekordar to stadar til i tillegg til i Ulvik. I Ullensvang slo 30,8 akkurat den gamle rekorden på 30,7 frå 1966, og på Flesland blei det målt 29,7, der førre rekord på 29,5 er frå 1958.

– Det er relativt gamle rekordar som er blitt slått, kommenterer Tone Christin Thaule.

Siste video

Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik