Hopp til innhold

No vert det sydenstemning i vest

I dag blir det sydenvarme på Vestlandet. Dei neste dagane melder meteorologen at temperaturen kan stige opp mot 30 grader. Send oss dine bilete!

#NRKHordaland

Meteorolog Aslaug Skålevik Valved kjem med årets gladmelding til badeklare vestlendingar i dag. Opp mot 30 grader og godvêr så langt varselet er sikkert burde få mange til å juble.

Kvedno, Fitjar

FINT I FITJAR: Kristin Steinsland la ut dette bildet på Instagram frå Kvedne i Fitjar i dag.

Foto: Kristin Steinsland

– I dag kan det bli over 29 grader i skuggen i Hordaland og Møre og Romsdal,

seier Valved.

Ho seier det blir eit par gradar kjøligare i Sogn og Fjordane og Rogaland.

– Det blir ein varm dag, så det er viktig å tenkje på å gi kjæledyr nok vatn og luft slik at dei ikkje blir dehydrerte, seier Valved.

  • Send oss dine bilete

– Nokre sommarbyer

Godvêret skal vare ut veka på heile Vestlandet, men sjølv om det blir varmt kan det også komme eit par regnbyer dei neste dagane.

– Det er veldig mykje fint vær, men det utrygt for nokre ettermiddagsbyer onsdag og torsdag, seier vakthavande meteorolog Aslaug Skålevik Valved.

På grunn av varmen kan skyene byrje å torne seg oppover, og stige høgt.

– Det er utrygt for både byer, og kanskje tore, men det er litt større sjanse for torsdag enn onsdag. Men, det er ikkje heilt utenkjeleg, seier ho.

Varmt på Vestlandet

Det blir opp mot 30 grader på Vestlandet.

Foto: yr.no
Bergen, på Sandviksfjellet, ved Ankerhytten

VARM KVELD: Elin Hollevik tok dette bildet på Sandviksfjellet seint tysdag kveld, i den varme julikvelden ved Ankerhytten.

Foto: Elin Hollevik

– Det er utrygt for det i Bergen, og det gjeld eigentleg for heile Vestlandet. Når det er så varmt så blir det litt ustabil luft, seier Valved.

Ikkje tropenatt

Det ligg ikkje an til tropenatt, men varme netter blir det likevel. Yr melder om over 20 grader om natta.

– Det kan hende at det blir tropenatt nokon stader, men mest sannsynleg ikkje. Viss det er tropenatt så må det vere meir skyer og meir vind, for då slår vinden ned den varme lufta i høgda, seier Valved.

– Har dykk nokre prognosar på kor lenge dette godvêret kjem til å vare?

– Det er eigentleg så langt me ser, men det er utrygt for noko rusk heilt på slutten av veka, og kanskje byrjinga av neste veke, seier Valved.

– Foreløpig ser det ut til at det er forbigåande, seier ho.