Aldri før har Statoil lagd så lange og så tjukke røyr på havbotnen.
– Verdiane som skal koma inn her i løpet av eit år, er nok til å betala ti prosent av eit statsbudsjett. Verdimessig er det imponerande, seier prosjektleiar i Statotil, Lars Trodal.
Markerer starten
Denne veka starta røyrlegginga av dei 283 kilometerane frå Mongstad i Nordhordland til Johan Sverdrup-feltet i Nordsjøen. Det som er det femte største oljefeltet på norsk sokkel ligg på Utsirahøgda, 16 mil vest av Stavanger.
– Inntrekkinga er spesiell fordi operasjonen er vanskeleg. Det å få røyret på land og koma i gang, er ei markering i seg sjølv, seier Trodal.
NRK har tidlegare skrive om den 780 meter lange tunnelen som skal ta røyra på land til basen på Mongstad.
No er arbeidet med å føra røyret gjennom tunnelen i gang.
– Blant dei mest utfordrande jobbane Statoil har hatt
Tor Kåre Egelandsdal har tilsyn med operasjonen som gåre føre seg i Fensfjorden i Nordhordland.
Der ruvar Saipem-skipet Castorone, som med sine 330 meter er eit av dei største i sitt slag. Om bord på ryørhandteringsfartøyet jobbar 615 personar på skift for å få lagt ned meter etter meter.
– Det er berre to eller tre slike fartøy i verda. Dette er ein svær, flytande fabrikk, seier Egelandsdal, som er ansvarleg for oppfølginga av Statoil sin leggekontrakt med Seiper.
Prosjektet inneber ein av dei mest utfordrande røyrleggarjobbane Statoil har hatt.
Sakte blir røyret trekt gjennom den fleire hundre meter lange tunnel inn til Mongstad.
I tre til fire dagar vil «fabrikken» ligga slik for å få røyret opp på mottaksanlegget på Mongstad. Røyra blir lagde ned seks meter om gongen, og blir sveiva opp med ein vinsj på Mongstad-anlegget.
Vidare er det estimert at røyrlegginga ut fjorden vil ta to veker.
– Så går me ned mot Johan Sverdrup-feltet og forventar å vera der mot slutten av juli, seier Egelandsdal.
Skal legga ned 28.000 røyrdelar
Planen er at olje frå Johan Sverdrup-feltet skal strøyma til Mongstad dei neste 50 årene. Gassen som skal bli produsert skal til Kårstø i Tysvær.
I ein næring som har vore prega av oljeprisfall, oppdragstørke og nedskjeringar, er Johan Sverdrup-feltet sjølve lyspunktet.
Ut til det som er eit av dei største oljefunna på norsk sokkel, skal blytunge røyr leggast på kupert havbotn. Totalt skal over 28.000 røyrbitar fordelast langs den undersjøiske stien.
– Det er ikkje ein enkel jobb, men det er gjennomførbart, seier Egelandsdal.
Over ein halv million fat olje per dag
Gjennom røyra skal det på det meste renna 600.000 fat olje – på éin dag.
Vinsten kan bli stor: 150 milliardar årleg når oljekrana blir opna for fullt, etter Statoil sine utrekningar.
Med dagens oljepris på 74,45 dollar fatet og med ein kurs på 7,9 til amerikansk dollar, blir det godt over 388 millionar kroner i døgnet.
– For oss svarar det til om lag 25 prosent av vår totale petroleumsproduksjon, seier prosjektleiar Trodal.
Første oljedrope er venta først seint i 2019.
– Prosjektet har gått bra frå dag éin. Me kjem til å koma i mål på planen.