Hopp til innhold

Her får Elvestuen råd frå sine eigne om å gå i regjering

BERGEN (NRK): I dag følgde Venstre-leiinga rådet frå medlemmene i Bergen og mange andre lokallag.

Ola Elvestuen

DIALOG: Nestleiar Ola Elvestuen møtte Venstre-medlemmer i Bergen onsdag kveld. Tema: Regjeringsmakt eller ei.

Foto: Christian Lura / NRK

– Gå i forhandlingar om regjeringsmakt! Det var meldinga Venstres Ola Elvestuen fekk med seg heim frå grasrota i Bergen.

Klokka 18.30 laurdag fortalde partileiar Tine Skei Grande at dei kjem til å gjere nettopp det.

Leiinga i Venstre var på noregsturné for å få råd frå grasrota før det viktige landsstyremøtet i helga. Der skal partiet diskutere om dei skal starte formelle forhandlingar om å bli ein del av regjeringa Solberg.

Venstres medlemmer er splitta i synet på om det er rett å bli ein del av ei regjering der Frp sit. Fleire har òg meint at ein plass i regjeringa kan gjere det tøffare for partiet ute i distrikta når det stundar til i kommuneval om to år.

Likevel skal landsstyret no ha fått fleire klare råd om at regjeringsdeltaking er det rette, så framt forhandlingane gjev partiet sigrar innan miljø- og skulepolitikken.

Partileiinga har vitja rundt 50 lokallag dei siste vekene. Onsdag kveld var nestleiarane Ola Elvestuen og Terje Breivik i Bergen. Breivik møtte distriktslokallag på Nesttun medan Elvestuen, drypande våt, kom nokre minutt for seint til sitt møte i Bergen sentrum.

– Det beste rådet til han er at han må ha med paraply til Bergen, sa partiveteran Erling Birkeland frå Fana.

Fleirtal for forhandlingar

Møtet mellom Elvestuen og Venstre-folket i Bergen varte halvannan time. Nokre av dei frammøtte var skeptiske til å gå i regjering. Men hovudbodskapen var positiv:

– I Bergen Venstre er det eit fleirtal som ønskjer å gå i forhandlingar. Kva som blir utfallet av slike forhandlingar, er det umogleg å seie. Det er heilt nødvendig at Venstre får gjennomslag for sin politikk, sa nestleiar Astrid Hårstad i Bergen Venstre til NRK etter møtet.

– Det var ein god samtale. Mange hadde mykje å seie. Det var fint med klargjering av Ola, la ho til.

I andre lokallag har Venstre-folk bekymra seg for at regjeringsdeltaking no vil bli straffa av veljarane i kommunevalet om to år. Dei NRK snakka med onsdag kveld, delte ikkje denne frykta.

Som eitt medlem sa: Venstre må søke makt, og makta finst i departementa.

– God diskusjon

Ola Elvestuen var godt nøgd etter møtet.

– Dette var veldig interessant. Eg synest vi hadde ein veldig god diskusjon om kva Venstre bør gjere framover.

Kva for ankepunkt mot regjeringsdeltaking har du fått høyre?

– Det har vore ein brei diskusjon med ulike synspunkt. Det får bli ein del av dette møtet, seier han.

Julie Andersland

GJENNOMSLAG: Utan miljøsigrar i forhandlingane kan ikkje Venstre gå i regjering, meiner fylkesleiar Idun Bortne (t.v.). Bak står bergensbyråd Julie Andersland.

Foto: Christian Lura / NRK

Må få miljø og skule

Fylkesleiar Idun Bortne i Hordaland Venstre er klar på kva partiet må ha gjennomslag for i eventuelle regjeringsforhandlingar.

– Resultatet i forhandlingane må vere så godt at sjølv dei mest negative ser kvifor ein må gå inn i regjering.

Vern mot oljeutvinning ved Lofoten Vesterålen og Senja er eit heilt ufråvikeleg krav, meiner Bortne.

Og så må vi oppfylle klimaforpliktingane frå Paris, vi må bruke meir pengar på skule og høgare utdanning og få til det grøne skiftet, seier Bortne.

Ho legg til:

– Dette er saker eg trur vi kjem til å få gjennomslag for. Eg er positiv.