Hopp til innhold

Her er Finse tilbake som isplaneten Hoth

Hardbarka «Star Wars»-fans strøymde til Finse i helga for å høyre ufortalde historier frå filminnspelinga i 1979 og oppleve det som skulle førestille ein annan planet.

Darth Vader på Finse

VELKOMMEN: Darth Vader-figuren ønskjer velkomen til Finse.

Foto: Tobias Frøystad

– Dei fleste som er her er over gjennomsnittet begeistra for «Star Wars». Ein av deltakarane har tatovert heile kroppen med «Star Wars»-referansar, både framme og bak, over og under, seier prosjektleiar Andreas Frølich.

Han har samla 120 deltakarar til arrangementet Visit Hoth på Finse. «Star Wars»-beundrarar frå inn- og utland har tatt turen hit for å oppleve staden der delar av filmen «The Empire Strikes Back» blei spelt inn.

I fotspora til Luke, Leia og Han

I 1979 blei filminnspelinga lagt til Finse og isbreen Hardangerjøkulen, for å skape den oppdikta isplaneten Hoth.

– Saman feirar vi innspelinga og det som skjedde på norsk jord. Vi har med føredragshaldarar, mellom anna medlem av det norske gruppa som var til stades under innspelinga i 1979, seier Frølich.

Star Wars-fest på Finse
Foto: Teodor Bjerrang

Nokre av deltakarane kjem heilt frå Tyskland, England, Spania og USA for å delta.

– Finse er ein bitte liten plass som har blitt eit kjempestort knutepunkt. Ein møter folk frå heile verda, seier Kjell Ramfjord.

Sjølv har han reist frå Trondheim for å vere med på samlinga.

Tilbake i tid

– Det er ei ganske spesiell tilstelling. Det er første gong det vert arrangert noko så stort i Norge innan «Star Wars»-universet. Vi har alltid visst at delar av filmen vart spelt inn på Finse, men vi har ikkje høyrd og lest så mykje om det. Endeleg har vi fått presentert korleis og kor hardt dei jobba. Ei unik oppleving, seier Ramfjord.

Star Wars på Finse

MØTTE FIGURANE: Dei frammøtte kom tett på figurane frå «Star Wars»-universet.

Foto: Tobias Frøystad

Andreas Frølich fortel at målet er å skape ei tidsreise.

– Vi feirar noko som skjedde i 1979, og prøver å la deltakarane få reise tilbake dit. Vi har trykka opp gamle nyheiter som heng på veggane, og rundt middagsbordet har ein har moglegheit til å prate med dei som jobba på sjølve filminnspelinga.

Andreas Frølich

ENGASJERT: Regissør Andreas Frølich er over gjennomsnittet opptatt av «Star Wars», og håpar på fleire liknande produksjonar her til lands i framtida. – At Norge kan ta imot filmproduksjon er det ingen tvil om.

Foto: Teodor Bjerrang

På hotellet der arrangementet finn stad tuslar fleire av karakterane frå filmane rundt. Her er mellom anna Darth Vader, C-3PO, R2-D2 og ei rekke «stormtroopers».

– Vi boltrar oss i historieforteljing frå innspelinga sine dagar. Deltakarane får besøke locations og køyre hundeslede mellom dei ulike stadane, seier Frølich.

Sakna «Star Wars» på Finse

Sjølv har arrangøren vore glad i «Star Wars»-universet så lenge han kan hugse.

– Eg har alltid reagert på at det ikkje har vore noko «Star Wars»-opplegg her på Finse. Eg trur vi no har lukkast med å skape noko som har ei spesiell kjensle ved seg.

Dette er første gang Visit Hoth vert arrangert, men Frølich er heilt sikker på at det ikkje er den siste.

– Dato er allereie sett for neste år. Vi satsar på at dette blir ein tradisjon, seier arrangøren.

Frølich håpar òg på meir filmproduksjon på Finse.

– «The Empire Strikes Back» er ein av verdas mest kjende filmar. Den blei delvis produsert i Norge og skapte turisme, og vi håpar vi atter ein gong kan ta i mot store filmproduksjonar her på Hardangerjøkulen, seier Frølich, som til dagleg jobbar som regissør.