Hopp til innhold

Fekk seg ein lærepenge i fjellet då heile familien måtte bergast

Etter å ha irritert seg over uvettige turgåarar som utløyser redningsaksjonar, var Erling Svensen plutseleg i same situasjon sjølv.

Nødtelt

NØDTELT: Erling Svensen og dei tre borna hans måtte til slutt setje opp nødtelt medan dei venta på assistanse.

Foto: Jens Nordgreen-Svensen / Privat

Etter seks timar i ekstremt skiftande ver, måtte han til slutt krypa til korset.

– Det var ikkje heilt umogleg å føresjå vêret. I etterpåklokskapens lys så hadde det vore best å la vere å ta turen. Å ringe og innrømme at det var ei feilvurdering var ikkje så gøy, seier Svensen.

Erling Svensen driv med skisegling og har ti år med erfaring. Laurdag hadde han med seg dei tre borna sine, Lotte (14), Jens (17) og Steinar (20). Dei skulle segle frå Finse til Ustaoset, men så langt kom dei ikkje.

Laster Twitter-innhold

– Me skjønte at utviklinga i denne turen gjekk i ei dårleg retning. I tillegg hadde me ei rekke uhell med fall, og utstyr og segl som svikta, seier Svensen.

Erling Svensen på skiseglingstur nær Finse

ERFAREN: Svensen har vore på tur i området mange gonger, men seier han aldri har vore med på noko så ekstremt. Her frå ein tidlegare tur i Finse-traktene.

Foto: Privat

Fekk seg ein lærepenge

«Har alltid lurt på kven dei er, sånne uvettige turgåarar som må hentast fordi dei ikkje hadde utstyr til å handtera alle forhold. Eg skjønar at ein ikkje får vite kven dei er, for det er jo flaut. Sjølv om forholda er ekstreme, så handlar det om dårlege vurderingar, og det sit langt inne å innrømma det» skreiv han etterpå i eit innlegg på Facebook.

Han skriv vidare at han ville gi slike hendingar eit ansikt ved å vere open om erfaringa på Facebook.

Svensen fortel at han aldri har ringt til hjelp før, og at det var ei vanskeleg avgjerd å ta. Han og ungane var veldig glade og takksame for at dei fekk hjelp.

Familien Svensen

LETTA: Her er klokka rundt halv seks om ettermiddagen. Stemninga er god, for Erling Svensen har akkurat bestemt seg for at dei skal ringa 113 når dei får dekning.

Foto: Erling Svensen / Privat

Kan skje den beste

– Eg føler folk er flinkare til å ta atterhald no enn før, men alle kan vere uheldige og ting kan skje undervegs, seier Knut Johan Medhus.

Han er operativ leiar i Eidfjord Raude Kross og var med på å sette redningsaksjonen i gong. Han fortel at aksjonen gjekk udramatisk føre seg fordi at Svensen hadde meldt ifrå i god tid.

Hadde ikkje familien hatt med seg godt med utstyr, kunne utfallet kanskje blitt eit litt anna.

– Me hadde heldigvis med oss naudtelt som me kunne halda oss varme i medan me venta på Raude Kors, seier Svensen.

Han hadde også med seg ein nødpeilesendar han kunne ha brukt om han ikkje hadde klart å finne mobildekning.

Angrar

Vanlegvis når Svensen legg ut på tur med mange uerfarne skiseglarar, er dei fleire erfarne vaksne med enn berre han sjølv.

– Eg skulle nok ikkje lagt ut på ein sånn tur aleine med tre unge uerfarne. Hadde me vore fleire vaksne erfarne, hadde me lettare kunne slept med oss dei uerfarne, men det blei for mykje for meg aleine, seier Svensen.

Finse Ustaoset