Hopp til innhold

Her blir dei mistenkte menneskehandlarane kasta ut

– Eg har skifta låsar og kasta alt som var igjen, seier huseigaren. Politiet fryktar rumenarane som er sikta for å ville tvinga ei jente (16) til sexsal, skal forlata landet.

Rumenarar flyttar frå hus i Bergen

FLYTTELASS: Denne veka flytta rumenarane som framleis budde i huset som var omtalt i Brennpunkt-dokumentaren «Lykkelandet». – Eg har prøvd å kaste dei ut i eit halvt år. No kunne eg ikkje ha dei her lenger, seier huseigaren.

Foto: NRK

Førre laurdag slo politiet til mot to bustadar i Bergen og på Askøy. Elleve rumenske statsborgarar blei arresterte, mistenkte for å ha frakta ei jente (16) til Bergen for å utnytta henne i prostitusjon.

Jenta og åtte av dei arresterte budde i huset i Bergen, som sto sentralt i NRK Brennpunkt-dokumentaren «Lykkelandet».

Tidlegare denne veka observerte NRK at kjellarleilegheita i huset, som nettverket har disponert, var i ferd med å bli tømt.

Eigedelar blei pakka i ein tilhengar. Fredag fortel huseigaren at han har kasta ut bebuarane.

– Dei fekk 24 timars varsel på å flytta, og no er dei vekke. Fleire var forbanna og meinte eg hadde gitt dei for dårleg tid til å finne ein annan plass å bu. No har eg skifta låsar og kasta alt som var igjen etter dei, seier huseigaren til NRK.

Politiet aksjonerer mot rumensk nettverk i Bergen

AKSJONERTE: Laurdag førre veke blei totalt elleve rumenske statsborgarar arresterte i aksjonar mot dette huset i Bergen og på Askøy. Søndag blei sju av dei lauslatne.

Foto: NRK

Fryktar dei sikta skal forlata landet

Politiet ville varetektsfengsla fire av dei arresterte, mellom anna bestemora, bestefaren og tanta til jenta (16). Men tingretten sa nei, og fredag kom lagmannsretten til same konklusjon.

No fryktar politiet at rumenarane skal forlata Noreg. «Det er det som vanligvis skjer nå», skriv politiadvokat Rudolf Christoffersen i ein SMS til NRK.

Christoffersen meiner lauslatinga ikkje tyder at politiet har ei dårleg sak.

– Saka er vanskeleg og bevisbildet er komplisert. Politiet kunne ikkje la vera å gripa inn når vi mistenkte at ei mindreårig jente blei utnytta til prostitusjon, seier politiadvokaten.

Rudolf Christoffersen

KOMPLISERT SAK: Politiadvokat Rudolf Christoffersen i Vest politidistrikt legg ikkje skjul på at saka er komplisert. – Vi har framleis mykje etterforsking som står att.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Varslar mogeleg erstatningskrav

16-åringen er no under barnevernet sin omsorg. Einar Råen forsvarar bestemora. Ho budde i huset i Bergen, saman med to av dei tre andre sikta, og fleire andre.

Advokaten var ikkje kjend med utkastinga.

– Dette høyrest litt spesielt ut. Husleige er jo regulert av ganske faste reglar, og eg kjenner ikkje til at dei har fått noko varsel om utkasting, seier Råen.

Huset politiet aksjonerte mot på Askøy

ASKØY: Mannen som bur her er den antekne hovudmannen blant dei fire som er sikta for medverknad til grov menneskehandel.

Foto: Christian Lura / NRK

Han seier han vil undersøka saka over helga, og varslar at det kan bli aktuelt å krevja erstatning frå huseigaren.

– Om ein bryt ein kontrakt på ein ugyldig måte, så kan ein jo måtta betala erstatning, seier advokaten, som også kan koma til å krevja overnattingsutgifter dekka for sin klient.

– Eg kjenner ikkje til at ho har moglegheiter til overnatting hjå kjende i bergensområdet. Viss dette medfører at ho må ta inn på hotell eller slikt, blir det eventuelt ein økonomisk kostnad som vi må sjå på om det er grunnlag for å få dekka, seier Råen.

Råen seier klienten hans ikkje vil forlata Noreg dersom politiet ikkje ønskjer det. Forsvarar for ein av dei andre sikta, Mads Berven, vil overfor NRK fredag ikkje kommentera om hans klient planlegg å reisa ut av landet.

Einar Råen

FORSVARAR: Einar Råen forsvarar bestemora til 16-åringen, som er ein av dei sikta i saka. Han meiner lagmannsretten si kjenning fredag viser at politiet ikkje har gode nok bevis, og bør legge vekk saka.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK