Då det opne fengslingsmøtet skulle starta var det tilløp til kaos utanfor tinghuset i Bergen. Svært mange rumenarar hadde møtt opp, og det var både gråting og skriking før møtet kom i gang.
På grunn av den store pågangen måtte fengslingsmøtet flyttast til eit større rom.
Vil fengsla nær familie
Til saman elleve personar blei arresterte og sikta for grov menneskehandel etter at politiet aksjonerte i Bergen og på Askøy.
Ei 16 år gamal jente blei henta ut frå eit hus i miljøet, og teken hand om av barnevernet. Politiet mistenker at ho var frakta til Noreg for å selja sex.
Dei sikta er rumenarar og høyrer til folkegruppa rom.
– Dette er heilt klart ei komplisert sak. Nokre av dei sikta er i familie med jenta, seier politiadvokat Rudolf Christoffersen i Vest politidistrikt.
Etter det NRK kjenner til er det bestemora, bestefaren og tanta til 16-åringen som er blant dei som politiet no vil fengsle i saka.
Stor pågang i retten
NRK veit at den andre mannen, som vart arrestert på Askøy laurdag kveld, er sett på som hovudmannen i politiet si etterforsking.
Politiet meiner rumenaren i 40-åra køyrde bilen med 16-åringen til Noreg.
Han har dei siste åra jamleg opphalde seg i Noreg og er blant dei sentrale i tiggar- og prostitusjonsmiljøet. Han er fleire gongar observert med kvinner på prostitusjonsstrøket i Bergen.
Dei fire vart framstilt for fengsling i Bergen tingrett tysdag ettermiddag.
Alle sikta for brot på straffelovas paragraf 258, som omhandlar grov menneskehandel.
I retten brast bestefaren ut i gråt då han forklarte seg. Bestemora låg med hovudet på pulten under store deler av fengslingsmøtet. Begge hadde vanskar med å ta seg fram til vitneboksen.
Forsvararar: – Politiet har ei svak sak
Alle dei fire sikta nektar for å ha gjort noko kriminelt.
– Min klient stiller seg uforståande til siktinga og er sjokkert over situasjonen han står i, seier advokat Mads Berven, som forsvarar ein av dei to sikta mennene.
– Han erkjenner ikkje straffskuld og vil be om å bli lauslaten, seier advokat Rolf Knudsen, som forsvarar den andre mannen.
Einar Raaen og Kaj Wigum er forsvarar for dei to kvinnene.
Alle meiner politiet har ein svært svak sak.
Koplingar til fleire saker
Den 16 år gamle jenta har vore i avhøyr med politiet.
– Dette er ei ung, sårbar jente som er i eit framand land. Ein kan kanskje tenka seg til korleis den situasjonen er, seier bistandsadvokat Hilde Cecilie Meyer.
Dei sju andre som vart arresterte i aksjonen på laurdag, er sleppte fri.
NRK veit at politiet etterforskar denne saka i lys av ei anna pågåande etterforsking i miljøet. I januar vart ein 41-åring dømd for hallikverksemd. Det ligg også ei ny sak til påtaleavgjerd hjå Statsadvokaten.
Politiet mistenkjer at det kan vera ei kopling til denne saka.
- Les også: