Hopp til innhold

Hans-Erik (48) sitt vinterparadis er «midt» i byen: – Heilt magisk

Sibir-lufta har gitt kulderekordar i Sør-Noreg og den mest stabile vestlandsvinteren på fem år. I Bergen strøymer folk til byfjella for å stå på ski – og nokre for å slå opp telt.

Bergen sett frå Ulriken

UTSIKT: Søndag kveld nytte Hans-Erik Øverland utsikta over Bergen frå overnattingsposten sin på Ulriken.

Foto: Hans-Erik Øverland

– Det å lage seg mat og kaffi på primusen, og sjå byen gå frå dag til natt, er heilt magisk, synest Hans-Erik Øverland.

48-åringen kallar seg «stor fan» av kortreiste turar, og har telta på toppen av alle byfjella i Bergen. Søndag kveld pakka han sekken og tok bana til toppen av Ulriken. Der slo han opp telt i snøen, pakka ut sovepose og primus, og speida utover byen i fire kuldegrader.

– Ein har utrulege mogelegheiter til å nyte naturen nært når ein bur i Bergen. Ein får den magiske friluftskjensla sjølv om ein er midt i byen, seier Øverland.

Sjå bilete frå Øverland sin overnattingstur på Ulriken:

Hans Erik Øverland på Ulriken
Foto: Hans Erik Øverland
Hans-Erik Øverland fanga søndag og måndag Ulriken i kaldt og klårt vêr.

Framleis kalde dagar

Dei siste to vekene har det vore svært kaldt i Sør- og Midt-Noreg, og det er sett kulderekordar for mars ei rekkje stader.

Mellom anna i Bergen, der det har vore kaldt lenge. Heilt frå 22. februar til i dag har det vore minusgrader.

For å finne ein like lang, stabil og kald vinterperiode på Vestlandet, må ein tilbake til 2013, fortel statsmeteorolog Kristin Sæter ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

– Det ser ut til at vi er ferdig med den aller kaldaste perioden no, men det er framleis ein kjølig vêrtype, seier Sæter.

Sibir-lufta har gitt kulderekordar i Sør-Noreg og den mest stabile vestlandsvinteren på fem år. I Bergen strøymer folk til byfjella for å stå på ski - både natt og dag.

SJÅ VIDEO: Det er magiske forhold på Fløyen i Bergen, både natt og dag.

Besøksrekord på Fløyen

I det flotte vintervêret har skientusiastane for alvor stimla til løypene på Fløyen.

Fløibanen knuste sin eigen besøksrekord for februar, med 80.000 påstigingar. Det er 16.000 fleire enn den førre rekorden frå tidleg på 2000-talet.

– Vanlegvis, med dei vintrane vi kjenner frå Bergen, der det regnar «flatt» og er surt, ligg vi på vel 30.000 i februar, fortel administrerande direktør Anita Nybø.

Gutt på ski på Fløyen

FLOTTE FORHOLD: Skiløypene på Fløyen har i vinter blitt preparert 70 gonger, mot elleve gonger heile førre vinter.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

Ho kallar spesielt vinterferien eineståande, med nesten dobbelt så mange påstigningar som normalt.

– Årsaka er det fantastiske vêret og at Idrettsservice i kommunen lagar så flotte skiløyper, seier Nybø.

Skiseljarar NRK har snakka med, fortel at fleire lager er tomme. Før sesongen bestilte dei inn ski basert på salstala frå i fjor – då vintersesongen ikkje kunne måle seg med årets.

Uvisst når våren kjem

Også Ulriksbanen melder om gode tal, med 1900 påstigingar i vinterferien, nær 60 prosent meir enn i fjor.

– Vi har hatt gode forhold for ski og tur med utgangspunkt i Ulriken, seier sals- og marknadssjef Mikael Sletten i Ulriken643.

Ifølge meteorologen vil ein etter kvart sjå eit meir «vanleg» marsvêr på Vestlandet, men det er ikkje særleg varme i sikte.

– Det vil bli skyer og noko nedbør i form av snø eller sludd dei neste dagane. Etter kvart går vi nok i retning av meir vårleg vêr, sjølv om det ikkje vil innebere noko særleg varme, seier Sæter.

Laster Twitter-innhold

Her kan du finne kulderekorden for din heimstad (les meir om søket):

Finn kulderekordene i din kommune

Kulderekordene

Tabell en av en
KommuneArbeidsledighet i prosent
Karasjohka-Karasjok - Karasjok-51.4ºC
Røros - Røros-50.6ºC
Guovdageaidnu-Kautokeino - Kautokeino-50.3ºC
Karasjohka-Karasjok - Cuovddatmohkki-49.8ºC
Spitsbergen - Green Harbour-49.4ºC