Hopp til innhold

Gunnhild (43) har ikkje råd til å flytta heimanfrå

HUSNES (NRK): – Mor mi må bruka minstepensjonen sin på å forsørga meg, seier Gunnhild Sæbø. Nav svarar at ho får pengane ho har rett på, og kan søka om meir for å flytta.

Gunnhild Sæbø

– FÅR 5150 KRONER I MÅNADEN: Gunnhild Sæbø (43) er fortvila over regjeringa si endring i arbeidsavklaringspengane. – No får eg 5150 kroner i månaden.

Foto: Eva Neteland / NRK

Gunnhild Sæbø står i parken på Husnes i Kvinnherad. Kleda er nokre nummer for store, men ho har ikkje råd til nye.

Det er romsleg innom den raude jakka, men økonomien er trong.

– Mangelen på pengar tynger meir enn sjukdommen min, seier 43-åringen.

I november i fjor mista ho arbeidsavklaringspengane (AAP). Dei skulle sikra ho ei inntekt medan ho fann ut om ho kunne jobba att.

Regjeringa stramma inn reglane frå 1. januar 2018. Makstida for AAP gjekk ned frå fire til tre år, for å få folk fortare tilbake i arbeid. Samstundes vart det vanskelegare å få unntak til å halda fram.

Året før innstramminga, fekk 15 prosent av AAP-mottakarar halda fram med stønaden etter makstida. No er det halvert.

Gunnhild Sæbø

KAMPKLAR: Gunnhild er med i Facebook-gruppa «Aksjon for AAP endringer», og skal saman med dei demonstrera for ei lovendring onsdag. Togbilletten til og frå Oslo har ho fått støtte til av foreininga «For økt levestandard».

Foto: Eva Neteland / NRK

Kroppen sa stopp

Sæbø arbeidde i Saltdal i Nordland, heilt til kroppen hindra ho i å vera kundebehandlar. I 2013 vart ho sjukmeld.

Arbeidsavklaringspengane ho fekk, var to tredelar av hennar vanlege løn.

– Det var tøft, men eg klarte meg, fordi eg var nøysam, fortel Sæbø, som tidlegare har fortalt historia si til lokalavisa Kvinnheringen.

Men no er økonomien så stram at ho ikkje finn pengar å vera nøysam med.

Flytta heim til mor

Etter at ho hadde mista arbeidet i Saltdal, kjente ho på at venene og det sosiale livet gjekk med i dragsuget.

Mora mista sin sambuar brått, og Sæbø sin far vart alvorleg sjuk. 43-åringen ville ikkje bu halve Noreg vekke.

I juli 2016 flytta ho inn til mora på Valen i Kvinnherad.

Midlertidig.

Men snart tre år seinare bur 43-åringen framleis hjå mor si.

Brødskiver til middag

I november i fjor stogga altså utbetalinga frå Nav. Ho hadde gått ut makstida, men håpa å fortsetja med unntaksregelen. Det er mogleg om ein til dømes treng lang tid for å få ein diagnose.

Gunnhild fekk ikkje fortsetja. Nav meiner ho har ikkje har gode nok grunnar til å få unntak frå regelen.

Sjølv seier ho sjukdomssituasjonen ikkje er avklart. I eit halvt år har ho vore i ei knipe ho ikkje forstår. Ei karenstid. Ei ny lovfesta ventetid på 52 veker før ho kan søka AAP att.

Nav har ingen tal over kor mange dette gjeld.

– Eg har inga inntekt, og har ikkje råd til å flytta. Mor mi er minstepensjonist og må forsørga meg, fortel Sæbø.

– Elles hadde eg ikkje fått mat. Etter eg har betalt rekningane mine har eg null kroner på konto. Ofte vert det berre middag to gongar i månaden. Me har ikkje råd til meir.

Sæbø fortel at brødskiver er hennar vanlegaste middag.

Gunnhild Sæbø

PÅ AVSTAND: Gunnhild likar seg ikkje på Husnes senter, ho prøver å unngå butikkar. – Eg vert trist fordi eg veit eg ikkje har råd til å kjøpa noko.

Foto: Eva Neteland / NRK

– Alle pengar går til rekningar

No får 43-åringen sosialhjelp, velferdsstaten sitt siste økonomiske sikkerheitsnett.

Då reglane var ferske i fjor, gjekk 8723 personar frå AAP til sosialhjelp. Det var ein auke på 45 prosent frå året før.

Pengane skal sikra grunnleggande livsopphald, som mat og klede, og ta høgde for fritidsaktivitetar og sosiale behov, ifølge Nav.

– Eg får 5150 kroner i månaden, fortel Sæbø.

Summen går med til faste utgifter, som telefon og nedbetaling av gjeld.

– Etter eg har betalt rekningar, har eg ingenting att til mat.

Sæbø har friteke Nav frå teieplikta. Nav Vestland seier sosialhjelp vert vurdert e​tter faktiske buutgifter. Dei påpeiker at kommunen og Husbanken kan gi tilskot til flytting etter søknad, men at Sæbø førebels ikkje har søkt om dette.

Håpar på lovendring

Onsdag tar Gunnhild Sæbø toget til Oslo for å demonstrera framom Stortinget. For seg sjølv, og dei tusenvis av andre ho meiner er i same situasjon.

Over 37.000 har signert eit opprop for å reversera AAP-kuttet. Fagforbundet støttar demonstrasjonen. Draumen er ei lovendring.

– Karenstida er vorte ei straff for oss som er sjuke og skadde. Me vert piska medan me ligg nede, meiner Sæbø.

Gunnhild Sæbø

STREKK IKKJE TIL: – Pengane eg får i sosialhjelp strekk ikkje til det eg treng, eg sit mykje heime og vert isolert. Tek eg ein kopp kaffi på ein kafé med ein venn, så går det ut over ei rekning.

Foto: Eva Neteland / NRK

– Bidreg til fattigdom

Torsdag tar SV saka opp i Stortinget. Partileiar Audun Lysbakken meiner lova gjer vegen tilbake på jobb lenger.

– Kutta frå regjeringa skapar fattigdom. Menneske som kunne ha bidrege til samfunnet vert gjevne opp. Difor vil me ha dei gamle reglane attende.

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) ynskjer ikkje å kommentera saka. Leiar for Arbeids- og sosialkomiteen, Erlend Wiborg (Frp), forsvarar regjeringa sine reglar.

– Er det noko som bidreg til at folk lever i fattigdom, så er det å gå på midlertidige stønader som arbeidsavklaringspengar lenge, seier han.

Sæbø gjekk frå ein midlertidig stønad til ein annan.

Ho meiner ei lovendring ville gjeve ho betre økonomi, og moglegheit til å avklara sjukdomen.

– Å kjempa denne kampen gjer at eg klarar å halda hovudet over vatn. Dersom eg ikkje hadde kjempa, ville eg vore sengeliggande.