Hopp til innhold

Går mot Lofoten-drama på Unge Høgre-landsmøte

Ungdommane i Høgre kan gjera opprør mot moderpartiet om oljeaktivitet i nord. Lokallaget i Erna Solberg sitt heimfylke har allereie gjort eit historisk vedtak.

Spesielt lys

OLJEDRAMA: Det kan bli eit lite drama når ungdomspartiet i Høgre skal stemma over om dei vil ha vern av Lofoten i framtida.

Foto: LOFOTEN FILM

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det er knytt stor spenning til Unge Høgre sitt landsmøte denne helga.

På agendaen står nemleg oljeaktivitet i Lofoten, Vesterålen og Senja.

Og det ligg an til eit skikkeleg drama når ungdomspartiet der Erna Solberg vart politikar skal seie si meining.

Med seg i kofferten har lokallaget frå Hordaland eit fersk vedtak. Unge Høgre i Solberg sitt heimfylke krev vern mot oljeboring i dei viktige fiskefelta utanfor Nordland og Troms.

– Det har ein sterk signaleffekt at me som oljefylke seier nei, meiner nestleiar Mille Christensen i Hordaland Unge Høgre.

– Må satsa på eit grønare samfunn

Mille Christensen i Hordaland Unge Høyre

BLÅGRØN: – Vaksenpolitikarane må ta inn over seg at generasjonen som veks opp no ikkje ønsker eit samfunn basert berre på olje, seier nestleiar Mille Christensen i Hordaland Unge Høgre.

Foto: Nicolay Berge

Høgre sitt landsmøte (ekstern lenke) vil ha konsekvensutgreiing.

Men i Unge Høgre sin programkomité vil eit fleirtal ha vern.

Hordaland Unge Høgre seier nei til konsekvensutgreiing. Det betyr nei til omfattande analysar av kva følgjer olje- og gassproduksjon kan få for lokalsamfunn, naturmiljø og norsk økonomi.

– Me skal leva av olja i mange år men må samstundes våga å sjå framover og satsa på eit grønare samfunn, seier Christensen.

Motstandarane av oljeaktivitet meiner nemleg at slike utgreiingar oftast endar med ja til utbygging.

– Jamt og spennande

Oljeboring i Nord Nordland VI, VII og Troms II

RESSURSKONFLIKT: Leiteområda omfattar viktige gyteområde for fisk utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.

Foto: Grafikk / NRK

Det kan fort bli fleirtal for vern på landsmøtet på Gardermoen.

– Det er ikkje fagleg forsvarleg å tillata oljeutsleppsrisiko der, sa sentralstyremedlem Daniel Skjevik-Aasberg til NRK i april.

Nokre fylkeslag lar landsmøtedelegatane stemma fritt, medan andre skal stemma samla.

– Resultatet kan bli veldig jamt. Voteringa på søndag blir spennande, seier generalsekretær Maria Barstad Sanner.

Blir det fleirtal for vern er Framstegspartiets ungdom det einaste ungdomspartiet som opnar for oljeboring i dei omstridde områda.

Usemje

I fylkespartia er det likevel intern usemje. Fylkesleiar John André Kongsvik i Hordaland er mot vern og vil venta på ei konsekvensutgreiing.

– Fordi me ikkje veit følgene av ikkje å greia ut konsekvensane.

På landsmøtet skal Kongsvik som hordalandsrepresentant likevel stemma for vern.

At ungdommane er skeptiske til oljeboring, uroar stortingsrepresentant Ove Trellevik frå Hordaland Høgre.

– Dei bør vera meir opne for at teknologien skal hjelpa oss med dette, og ikkje hoppa på vernebølgja sjølv om dei er uroa for miljøet. Dette er kanskje dei mest lovande petroleumsområda Noreg har att.

Vil ikkje leva av olje

Christensen meiner moderpartia må lytta til ungdomspartia.

– Ungdomsgenerasjonen er meir medviten om kva me vil leva av framover. Me ønsker ikkje eit samfunn basert berre på olje. Når ungdomspolitikarane står sterkt samla, må moderpartia ta det innover seg.

Trellevik understrekar at regjeringspartia si avtale med Venstre gjer at området skal ligga urørt fram til 2021. Han hevdar at viss Noreg ikkje driv oljeutvinning, kjem produksjonen ein annan stad.

– Det vil det ikkje spara verda for oljeutslepp. Me bør vera med på dei krevjande utbyggingane i Nordsjøen og Barentshavet, nettopp for å spreia kunnskap om utbyggingar på store djup der ein må ta omsyn til arktiske miljøforhold.

lofoten

TRUR PÅ TEKNOLOGIEN: Høgres stortingsrepresentant Ove Trellevik frå Hordaland er bekymra for at ungdomspolitikarane er skeptiske til oljeboring.