Gamle minne gir Thor betre humør, rolegare netter og mindre behov for medisinar

ODDA (NRK): Her får Thor Haugland (83) sjå bilete frå då han gifta seg med Turid (78). Det unike prosjektet med personlege sanserom for demenspasientar viser allereie stor effekt.

Thor og Turid Haugland, Therese Bakke

GODE MINNE: Thor Haugland får sjå bryllaupsbiletet frå då han gifta seg med Turid i 1962. Sjukepleiar og prosjektmedarbeidar Therese Bakke følgjer med.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Der er bryllaupsbiletet vårt, seier Turid Haugland (78) og peikar.

Thor (83) smiler.

Inne i eit lilla rom på Bokkotunet i Odda er Turid på besøk hjå ektemannen gjennom 56 år.

Over skjermen rullar gamle bilete av både vener, familie og kvardagsliv i Odda. Og frå den gongen han var på kvalfangst-tur langs Sør-Georgia i Atlanterhavet.

Då Thor fekk demens, blei ekteparet sin kvardag snudd på hovudet.

Men no har dei fått eit nytt lyspunkt i kvardagen.

Thor og Turid Haugland, Therese Bakke

ENGASJERT: – Eg er veldig overraska over effekten. Plutseleg blir dei 20 år igjen, seier Therese Bakke (t.h.).

Foto: Tale Hauso / NRK

Personleg sansehage

Odda kommune er, som einaste i Noreg, med i det europeiske innovasjonsprosjektet «Sense Garden». Tilbodet er retta mot demenspasientar som anten bur heime eller i institusjon.

I «vanlege» sansehagar får eldre sjå dei same filmane og bileta. Men her er innhaldet svært personleg tilpassa. Turid har levert filmar og bilete, og fortald sjukepleiar og prosjektmedarbeidar Therese Bakke så å seie alt om Thor sitt liv.

– Ved hjelp av teknologi og digitale hjelpemiddel, får vi lagt inn livet til den enkelte. Pårørande og personen med demens gir informasjon om alt frå kva lukter og musikk ein likar, til opplevingar heilt tilbake til tidleg barndom, seier prosjektleiar Sigrid Eitrheim Mæland.

– Eg er veldig overraska over effekten. Plutseleg blir dei 20 år igjen, seier Bakke.

– Opplevde at mora såg dei

Velferdsteknologiprosjektet har halde på i seks veker – i Odda, Romania, Portugal og Belgia. NTNU i Trondheim skal samle inn data frå dei ulike landa, og kartlegge kva effekt den personlege sansehagen har på brukarane.

Dei endelege resultata er venta neste haust, men NTNU-prosjektleiar Artur Serrano kan fortelje at dei første rapportane er svært inspirerande.

– Vi har allereie gode indikasjonar på det dette har effekt. Pårørande opplever å ha mykje betre kontakt med pasienten. Allereie etter kort tid fortalde ei kvinne at mora for første gong på lang tid hadde «sett» dei, fortel Serrano.

Gemma Goodall, som skal presentere resultata i doktorgradsavhandlinga si ved NTNU, fortel at dei så langt har lese av resultat for til saman sju brukarar i dei fire landa etter fire veker med testing.

– Resultata viser gjennomsnittleg auke i livskvalitet og kognitiv funksjon etter bruk av sansehagen, fortel ho.

Dei førebelse tala syner dessutan at også pårørande rapporterer om ein betra situasjon, og at tilsette opplever god effekt.

Sigrid Eitrheim Mæland

GODE RESULTAT: Prosjektleiar Sigrid Eitrheim Mæland fortel at demenspasientane både søv betre og tek mindre medisinar etter å ha vore i sansehagen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Mindre medikamentbruk

Liknande ting kan Mæland melde om etter oppstartsperioden av prosjektet, som i Odda inkluderer sju brukarar som skal bruke sanserommet i 16 veker kvar.

– Vi ser at minna kjem tilbake, og at dei opplever ei enorm meistringskjensle. Dei blir rolegare utover dagen, får betre søvn og meir humor, seier Mæland.

Dei gode effektane gjer også at ein kan kutte i medisinane.

– Vi har også kartlagd ting brukarane har mislikt tidlegare i livet, slik at vi kan luke ut ting som kan trigge negative kjensler. Det vi ser, er at viss vi klarar å trigge gode minne, vil ein kunne unngå uro og aggresjon, og då får ein ned medikamentbruken. Vi ser generelt at den er blitt lågare for deltakarane, fortel Mæland.

Digital sansehage, Odda

DIGITAL SANSEHAGE: Inne i dette rommet blir demenspasientane stimulert med bilete, video og musikk.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Kan bli mindre einsame

Mykje tyder altså på at prosjektet vil kunne bli vellukka. Blir det også sluttkonklusjonen, er tanken at den personlege digitale sansehagen kan erstatte miljøterapi, som er mykje brukt i demensbehandling, eller supplere det.

I Odda er tanken at brukarane skal kunne vitje sanserommet aleine.

– Systemet registrerer kva brukaren reagerer positivt på, og markerer det som «favorittar». Vi skal på sikt få eit armband eller eit kort til kvar brukar, som dei kan skanne ved inngangen, og så kjem favorittane opp på skjermen, forklarar Mæland.

– Dette kan også få ned terskelen for å få besøk. Det er jo ofte vanskeleg å vitje folk med demens. Men når dei kan gå rett inn og sjå på desse minna saman, kan demenspasientane kanskje få meir besøk og bli mindre einsame, håpar ho.

Digital sansehage, Odda

HUGSAR GJENNOM MINNA: Thor Haugland har demens og deltek i sanseprosjektet i Odda. Her saman med kona Turid Haugland og prosjektmedarbeidar Therese Bakke.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Lettare å takle sjukdommen

I sanserommet har Thor Haugland sett seg på ergometersykkelen, der ruta gjennom Odda sentrum kjem fram på skjermen.

– Sansane blir trigga her, seier han og smiler.

– Han verkar veldig avslappa. Eg trur det ligg mykje baki hovudet som han har gløymt, og som kjem fram, seier Turid.

Kona fortel at dei gode stundene i sanserommet gjer det lettare for henne å takle demenssjukdommen til ektemannen i kvardagen.

– Det gjer godt for meg når eg kan gå heim å tenkje at han har hatt ein god dag, seier ho.