Hopp til innhold

Blir skvist ut av Ap etter denne manøveren

Katrin Innvær Ankervold (Ap) frå Stord nekta å gå med på at partiet hennar ville leggja ned fleire skular, og stemte med opposisjonen. – Dette har berre éin konsekvens, i mitt hovud, seier Ap sin gruppeleiar.

Katrin Innvær Ankervold

NEKTA: Her nektar Ap-politikar Katrin Innvær Ankervold frå Stord å reisa seg og støtta si eiga partigruppe i fylkestinget. – Eg stemmer for dei som har stemt meg inn.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Hordaland fylkesting valde i går å leggja ned dei vidaregåande skulane Etne, Rubbestadnes og Hjeltnes, i ei løysing forhandla fram mellom posisjonspartia Ap, Sp, KrF og SV. Også MDG stemte for planen, som skal gi årlege innsparingar på over 100 millionar kroner.

Etne-ordførar Siri Klokkerstuen blei som del av Ap-gruppa på fylkestinget tvungen til å leggja ned den vidaregåande skulen i sin eigen kommune, og påførte seg sjølv ei rekning på mange millionar i same slengen.

– Det har vore ein tung dag, sa Klokkerstuen.

Men ikkje alle følgde partiet sitt like lojalt som Etne-ordføraren.

Katrin Innvær Ankervold

STEMMER MED OPPOSISJONEN: Her stemmer Katrin Innvær Ankervold (Ap) for opposisjonen sitt framlegg til ny skulebruksplan, medan Ap-kollegaene blir sitjande.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Nekta å bøya av

Ap-politikar Katrin Innvær Ankervold frå Stord valde å snu ryggen til si eiga partigruppe i fylkestinget.

Ho blei sitjande då Ap stemte for fleirtalsforslaget, og reiste seg i staden og stemte for opposisjonen sitt framlegg til ny skulebruksplan.

– Det er dei som har stemt meg inn som skal ha stemma mi. Når gruppa går på tvers av sitt eige partiprogram, må me ta det på alvor, seier Ankervold, som meiner ungdommane i Sunnhordland blir hardt ramma av den nye planen.

Katrin Innvær Ankervold på talarstolen

GAV BLAFFEN: Katrin Innvær Ankervold tala si eiga partigruppe midt imot i fylkestinget i går. No blir ho beden om å trekkja seg.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Hevdar ho fekk ultimatum

Stemma til Stord-politikaren fekk ingenting å seia – Ap sitt framlegg blei vedtatt. Men manøveren kan ha gjort at Ankervold si tid som Ap-politikar på fylkestinget no er over.

Det var krasse ordvekslingar i partigruppa til Ap før avstemminga.

– Det var krevjande å gå imot si eiga gruppe, seier Ankervold.

Ifølgje henne var Ap sin gruppeleiar, Roald Kvamme, særs tydeleg.

– Kvamme sa at viss eg stemte annleis enn gruppa, vil eg ikkje vera del av gruppa. Det er leitt, men eg er i politikken for dei som har valt meg inn, seier Ankervold.

Roald Kvamme

– MÅ TA KONSEKVENSEN: – Eg tenkjer at representanten må ta konsekvensen av sitt val, seier Roald Kvamme.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Finst berre éin konsekvens i mitt hovud

Gruppeleiar Kvamme seier Ankervold bommar med karakteristikken av Sunnhordland som taparen i skulebruksplanen, og meiner regionen har fått godt gjennomslag.

Kvamme avviser også at han gav Ankervold eit ultimatum før avstemminga. Men i ettertid går han overfor NRK langt i å be representanten frå Sunnhordland trekkja seg frå partigruppa.

– Eg tenkjer at representanten må ta konsekvensen av sitt val. Meir enn det vil eg ikkje seia.

– Kva er konsekvensen?

– Når du ikkje er einig med gruppa, og ikkje kan akseptera dei spelereglane som gruppa har etablert, så har det berre éin konsekvens, i mitt hovud, seier Kvamme.

– Betyr det at ho ikkje er ein del av gruppa?

– Det må ho sjølv bestemma. I fotballen får det konsekvensar viss du bryt reglane. Slik er det i politikken òg.