Etne, Hjeltnes og Rubbestadnes vert lagt ned - Bergen maritime vert berga

Bergen maritime vidaregåande skule ser likevel ut til å verta vidareført. Tysdag avgjorde fylkestinget kva vidaregåande skular som skal leggjast ned.

Maritime vgs

VERT VIDAREFØRT: Johanne Neteland og Peder Mæland og resten av elevane på Bergen maritime har kjempa for at fagskulen og den vidaregåande skulen ikkje vert splitta opp. No ser det ut til at både fagskulen og den vidaregåande skulen vert flytta til Laksevåg.

Foto: SØLVE RYDLAND / NRK

Sjølv om politikarane har hatt nesten eit halvt år på å verta einige, gjekk forhandlingane om skulenedleggingar føre seg heilt fram til kaffipausane under fylkestinget tysdag.

Medan skulane i Etne, Rubbestadnes og Hjeltnes i Ulvik vert lagt ned, bergar fleirtalet Bergen maritime.

Flyttar til Laksevåg

Bergen maritime i Bergen sentrum er både ein vidaregåande skule og ein fagskule.

maritim2

FORNØGD: Fungerande rektor ved Bergen maritime Jan Kåre Greve er glad for at fagskulen og den vidaregåande skulen framleis skal vera under same tak.

Foto: SØLVE RYDLAND / NRK

På grunn av plassmangel gjekk fylkesrådmannen inn for å flytta vidaregåandetilbodet ved skulen til Laksevåg vidaregåande. Å splitta opp dei to fagmiljøa skapte reaksjonar.

No går fleirtalet i fylkestinget inn for å flytta både fagskulen og den vidaregåande skulen til Laksevåg.

– Dette er svært gledeleg, sjølv om lokaliseringa blir mindre sentral, seier konstituert rektor ved Bergen maritime, Jan Kåre Greve.

Løysinga kjem til etter tverrpolitiske forhandlingar mellom partia. Høgre, Frp, Venstre støttar òg punktet om å flytta Bergen maritime, men skil lag med fleirtalet på mange av dei andre punkta i planen.

Miljøpartiet dei Grøne støttar posisjonspartia Ap, Sp, KrF og SV sine forslag.

Slutt for Etne

Etne vidaregåande skule

VERT NEDLAGT: Etne vidaregåande skule vart opna i 2012, men vert no lagt ned. Målet er at fagtilbodet og lærarane skal verta flytta til Ølen vidaregåande i Rogaland.

Foto: Tale Hauso / NRK

Etne vidaregåande skule, som stod ferdig så seint som i 2012, vert nedlagt. Fleirtalet går inn for eit forsøk med at fagtilbodet ved skulen skal vidareførast på Ølen vidaregåande i Rogaland, og at lærarane får flytta dit.

Ordførar i Etne, Siri Klokkerstuen (Ap) sit òg i fylkestinget. Ho kjempa til det siste, men var del av fleirtalet som gjekk inn for nedlegging.

Legg ned Noregs eldste gartnarskule

Også Hjeltnes vidaregåande i Ulvik vert lagt ned. Dermed er den eldste gartnarskulen i landet snart historie.

– Dette er trist. Fylkeskommunen nedprioriterer dei indre områda i Hordaland, seier ordførar i Ulvik, Hans Petter Thorbjørnsen (Ap).

Ordførarane i Ulvik og Etne

TRIST: Ap-ordførarane Hans Petter Thorbjørnsen i Ulvik og Siri Klokkerstuen i Etne beklagar at dei vidaregåande skulane deira blir lagt ned.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Stort engasjement for «Rubben»

Elevane frå Rubbestadnes vidaregåande skule dominerte på publikumsgalleriet under debatten i fylkestinget.

Fleirtalet går inn for å leggja ned skulen som i vår vart kåra til den beste i landet.

Programtilbodet ved skulen skal vidareførast på Bømlo vidaregåande på Svortland.

Elevar frå Rubbestadneset vidaregåande skule

LANDETS BESTE SKULE: Elevar ved Rubbestadneset vidaregåande skule møtte opp på fylkestinget i dag, der politikarane vedtek å legga ned skulen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Me fryktar at noko av tilbodet vil forsvinna frå Bømlo, seier Håvard Steinsbø som sit i elevrådet ved skulen.

Austrheim og Fitjar vert berga

Som fleirtalspartia Senterpartiet, Arbeidarpartiet, Kristeleg folkeparti og SV tidlegare har varsla, vert Austrheim vidaregåande og Fitjar vidaregåande berga.

Begge skulane stod på opplæringsdirektøren si kuttliste.

– Kostnadane må ned

Målet med planen fylkesrådmannen la fram var å spara 125 millionar i årlege driftsutgifter.

Flyttinga av fagskulane er ikkje tatt omsyn til i dette reknestykket.

– Me er heilt avhengige av å få ned kostnadane. Det vil vera svært krevjande om politikarane vel å auka kostnadane vesentleg, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal.

I utgangspunktet la fylkesrådmannen opp til at det skal investerast for 3,9 milliardar i nye skulebygg fram mot 2030. Å redda skulane på Fitjar og Austrheim, samt å samlokalisera skulane på Bømlo vil føra til ei ytterlegare investeringsbehov på 295 millionar, ifølgje fylkesrådmannen.