Hopp til innhold

Skulen deira er truga av nedlegging. Borna har teikna høyringssvar i protest

ASKØY (NRK): Rådmannen vil legge ned to skular og bussa elevane på kryss og tvers. Bygdene fryktar fråflytting. – Det blir så lang veg til skulen, seier sjuandeklassing.

5. klasse på Træet skule

KRITISKE: Mathilde Haatuft Haugland, elevrådsrepresentant for 5. klasse på Træet skule på Askøy, er redd for å bli skild frå bestevenninna ved ein skulenedlegging.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Ikkje legg ned skulen vår, roper elevar ved Træet skule nord på Askøy i Vestland.

Dei har sendt inn 48 sider med teikningar og tekstar til høyringsrunden om ny skulebruksplan for kommunen, der Træet er ein av to skular som er føreslått nedlagt.

– Det er dumt, fordi det er hjartet til bygda, seier femteklassing Kent André Haugland i elevrådet.

– Det blir så lang veg til skulen. Eg trur mange kjem til å flytte herifrå, seier Ellinor Berland Hellebø frå 7. klasse.

  • Her er nokre av høyringssvara elevane har sendt inn:
Høyringssvar frå elevar ved Træet skule
Høyringssvar frå Træet skule.
Høyringssvar frå Træet skule
Høyringssvar frå Træet skule.
Høyringssvar frå elevar ved Træet skule
Høyringssvar frå elevar ved Træet skule
Høyringssvar frå elevar ved Træet skule
Høyringssvar frå elevar ved Træet skule

Elevane protesterer mot at rådmannen vil sende dei 6,3 kilometer nordvest til Fauskanger barne- og ungdomsskule. Ungdomstrinnet der skal bli bussa sørover til Ravnanger ungdomsskole, der det førebels ikkje er plass til dei.

I tillegg skal 80 elevar frå Davanger skole bli sendt til Tveit skole.

NY STRUKTUR: Rådmannen foreslår å sende elevane frå Træet til Fauskanger, og dei frå Davanger til Tveit. I tillegg skal ungdomsskuleelevar frå Fauskanger til Ravnanger.

Det siste tiåret har det blitt stadig færre grunnskular landet rundt.

Frå 2009 til 2020 er talet på grunnskular gått ned frå 3068 til 2799 i Noreg, ein nedgang på 9 prosent, ifølgje Utdanningsdirektoratet.

Slår ring om skulen

Forsking viser at det er viktig med gode prosessar rundt skulenedleggingar i distriktet så det ikkje skapar for store sår i lokalmiljøet, ifølgje Utdanningsnytt.

Men på Askøy nord føler lokalsamfunnet seg svikta av politikarane.

No slår alt frå det næringslivet og idrettslaget til barnehage og korps ring om skulen og krev at forslaget til rådmannen blir kassert av politikarane.

– Kvar einaste gong skoftar dei Askøy nord. Det gjeld vegar, utbygging og no nedlegging av skular. Det er alltid vi som kjem først når det skal kuttast, seier Ove Langøy i Nordsiden Idrettslag oppgitt.

Dei fryktar fråflytting og negative konsekvensar for lokalmiljøet dersom skulen forsvinn. I tillegg meiner dei at vegen til Fauskanger skule er for dårleg og farleg.

– Dei må krysse farlege strekningar og det er langt til skulen. Vi har forståing for at kommunen må spare pengar, men meiner dette ikkje er riktig måte å gjere det på, seier Ina Charlotte Berggren Mathisen, FAU-leiar ved Træet skule.

Slår ring om Træet skule

SLÅR RING OM SKULEN: FAU-leiar Ina Charlott Berggren Mathisen er omkransa av f.v. Ove Langøy frå Nordsiden IL Askøy, Øyvind Haugland frå Heiervang grendelag, Thorleif Thorsen for innbyggjarane, Ingvar Haugland frå næringslivet på Nordre Askøy, Irene Lisund Træet frå Træet skulemusikkorps, og Lena Stokke frå Træet barnehage.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Kortsiktig løysing

I Davanger midt på Askøy er dei heller ikkje interesserte i å miste skulen med 80 elevar.

FAU-leiar Christine Orderud Ullestad peiker også på dårleg skuleveg og betydninga skulen har for bygda.

– Å legge ned skulen vil ikkje vere lønsamt på sikt, og det rådmannen har lagt fram vil vere ei kortsiktig løysing, seier Ullestad.

Lærarar og tilsette på dei ulike skulane er også sterk kritisk til omleggingane.

– Dei tilsette er veldig urolege. Skulane fungerer godt og er ikkje for små til å ha fagleg oppdaterte miljø, seier leiar Frode Kåre Wollberg i Utdanningsforbundet på Askøy.

Vil flytte elevar til ny skule

Så langt prellar alt av på rådmann Eystein Venneslan. Han seier han forstår engasjementet for lokalbygdene, men avviser at det handlar mest om å spare pengar.

– Vi har gjort store investeringar for å bygge nye skular. Det har vi jo gjort for å skape eit betre læringsmiljø i meir robuste fagmiljø for å gi eit betre tilbod i nye lokale, seier han.

Vidare meiner rådmannen at skulevegane er gode nok.

– Det er ikkje tvil om at det er ting som kan bli betre. Men det er trafikksikringsmiddel vi bruker dei neste åra, seier Venneslan.

Høgre er usikker

1. oktober var det frist for å sende inn høyringsutspel til kommunen. Dei neste vekene er det opp til lokalpolitikarane å bestemme om skulane får leve vidare eller ikkje.

Opposisjonen leia av Arbeidarpartiet seier klart nei til nedlegging, mens Høgre, som har ordføraren, ikkje har bestemt seg enno.

Dei vil sjå på alle høyringsinnspela og budsjettforslaget før dei tek stilling.

Elevrådet er kritisk

ELEVRÅDET KRITISK: F.v. Mathilde Haatuft Haugland og elevrådsleiar Nicolai Haugland frå 5. klasse, og Kent André Haugland og Ellinor Berland frå 7. klasse ved Tæret skule på Askøy.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK