NRK Meny
Normal

Fylkesrådmannen: Fana gymnas må rivast

Fana gymnas må rivast dersom skulen skal leve vidare. Det er sjokkbeskjeden frå fylkesrådmannen til dei som kjempar for å berga det tradisjonsrike bygget.

Fana gymnas

JEVNAST MED JORDA?: Skulen har svært dårleg fleksibilitet, og er svært energikrevjande, meiner fylkeskommunen, som tilrår riving og nybygging viss Fana gymnas skal eksistere i framtida.

Foto: Hordaland fylkeskommune

– Skal ein ha ein skule der, så er det vår vurdering at ein må byggje nytt, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal til NRK.

Fana gymnas er mellom dei vidaregåande skulane som er truga av nedlegging når fylkeskommunen skal komma til livs overkapasitet av skuleplassar på studiespesialiserande .

Protestane har vore store både frå elevar og politikarar.

Rune Haugsdal, fylkesrådmann

Fylkesrådmann Rune Haugsdal

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Etter nedleggingsframlegget har fylkesadministrasjonen kome med nye opplysningar som syner at prisen på rehabilitering av skulen er tredobla sidan 2012.

Men sjølv om ein brukar dei 210-280 millionane som det no er berekna at ei stor rehabilitering vil koste, vil skulen framleis ha små klasserom og dårleg logistikk, meiner administrasjonen.

Dermed konkluderer dei med at det er betre å bruka mellom 350 og 400 millionar kroner på ein ny skule, dersom det skal eksistere noko Fana gymnas i det heile.

– Skal vi ha eit skulebygg for framtida, så er det nybygging som er tilrådinga, stadfester Haugsdal.

LES OGSÅ: Politikere møtt av ville protester - så ble saken utsatt

Demonstasjon før møte i opplæringsutvalet

DEMONSTRASJON: Elevar demonstrerer før møtet i opplæringsutvalet.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Veldig overraska

Tidlegare fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) undrar seg sterkt over at fylkesrådmannen, som altså har tilrådd å legge ned skulen, no tilrår riving.

Tom Christer Nilsen

Tom-Christer Nilsen

Foto: Ole Andre Langmandokk / NRK

– Dette er eg veldig overraska over. Her har den same administrasjonen i tre omgangar levert heilt ulike tal. Denne informasjonen har ikkje vore framme når vi har handsama saka tidlegare. Eg stiller meg spørsmålet om det har gått prestisje i saka, og at det er om å gjere å få størst mogleg tal, seier Nilsen.

– Endrar dette Høgre sitt syn på at Fana gymnas må bli bevart?

– Nei, det gjer ikkje det. Det har gått elevar på Fana gymnas i mange, mange år, utan at det har vore nokre problem med korkje innemiljøet eller undervisingslokala. Situasjonen er den same ved Fana gymnas som ved ei rekkje andre eldre bygg, og eg synest det verkar veldig rart om det skulle vere problem å drive skule der i framtida også, seier Nilsen.

Arvid Bjerkestrand

KRITISK: – Å rive er historielaust og lite berekraftig, meiner arkitekt Arvid Bjerkestrand, som sjølv har ei dotter på Fana gymnas.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Historielaust og lite berekraftig

Arvid Bjerkestrand, arkitekt og forelder ved Fana gymnas, har engasjert seg i kampen for å behalda skulen, som består av bygningar frå 1916, 1932 og 1957.

Han har laga ein ideskisse til korleis skulen kunne vorte modernisert, og er kritisk til at fylkeskommunen ikkje har greidd ut mogelege framtidsscenario for det ruvande skulebygget.

Fylkesrådmannen seier det er fleire moment ved skulen som gjer den spesielt vanskeleg å modernisere, men Bjerkestrand meiner det kan vere langt billegare å modernisera skulen enn fylkeskommunen har rekna seg fram til.

– Utan tvil. Vi må sjå på korleis vi kan tilpasse den eksisterande bygningsmassen til ny bruk. Å rive er historielaust og lite berekraftig, meiner han.

LES OGSÅ: Fikk vite at skolen skulle sammenslås – så kom meldingen om nedlegging

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo