Det har i årevis pågått ein intens politisk drakamp om kva som i framtida skal vera dei to stamvegane mellom Aust- og Vestlandet.
Regjeringa avgjorde i fjor haust at ein ny E134 over Haukelifjell skal vera den sørlege, og at den nordlege bør bli anten riksveg 52 over Hemsedalsfjellet eller riksveg 7 over Hardangervidda.
I haust la vegvesenet ut på høyring si såkalla konseptvalutgreiing (KVU) for ny riksveg 7 og riksveg 52 på oppdrag for Samferdsledepartementet. Der tilrår vegvesenet Hemsedalsfjellet som den andre stamvegen.
– Ikkje grunnlag for riksveg 7
Fylkesrådmannen viser til at det einaste samfunnsøkonomisk lønsame aust/vest-konseptet mellom Oslo og Bergen ifølge utgreiinga er E134 over Haukelifjell med ein ny «diagonal arm» til Bergen.
Han skriv at med ei slik utbygging «er det ikkje grunnlag for å byggja ut Rv7 som nasjonalt hovudvegsamband aust/vest».
Tidlegare i år har først fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap), deretter Hordaland KrF, gått mot Hardangervidda som nasjonal stamveg.
No konkluderer altså fylkesrådmann Haugsdal på same vis.
– Heller ikkje Hemsedal
Men i motsetnad til desse, vil Haugsdal at heller ikkje Hemsedalsfjellet skal opprustast til nasjonalt hovudvegsamband. Ifølge han er den allereie opprusta E16 over Filefjell saman med noverande Rv52 tilstrekkeleg som nordlege traséar mellom aust og vest. Han meiner at dagens «E16 og Rv52 til saman stettar transportbehova i framtida mellom Sogn og Fjordane og Austlandet.»
Forslaget frå fylkesrådmannen skal behandlast av utval for miljø og samferdsle 3. november og av fylkesutvalet 16. november.
Avgjerd neste år
Deretter skal Hordaland fylkeskommune senda si høyringsuttale om kva som – i tillegg til E134 over Haukelifjell – bør bli den andre stamvegen mellom aust og vest.
Samferdsledepartementet skal i vinter etter planen leggja fram ei prioritering av trasé for vegsamband mellom aust og vest i Nasjonal transportplan (NTP) for 2018-2029.