NRK Meny
Normal

KrF droppar Hardangervidda som fjellovergang

Partiet gjer heilomvending og vrakar kortaste vegen mellom Bergen og Oslo. – Me er svært overraska, seier Høgre.

Vinter på Hardangervidda

OFTE STENGD: Det blir lite brøyting for å halde riksveg 7 over Hardangervidda open i framtida, dersom den ikkje vert vald som prioritert veg. Biletet er frå ein vinterdag i februar i år.

Foto: Wenche Lien Johansen

– Viss vi skal satse på ein Vestlandsregion, treng vi vegar i både nord og sør, seier Pål Kårbø, fylkesleiar i Kristeleg Folkeparti (KrF).

Nyleg vedtok KrF på sitt fylkesårsmøte at dei ikkje vil ha Hardangervidda som prioritert hovudveg mellom aust og vest. Med vedtaket har partiet snudd i striden rundt val av trasé.

Eit samla fylkesutval, inkludert KrF, har tidlegare gått inn for å prioritere riksveg 7 over Hardangervidda og E134 i prosessen med to prioriterte trasear mellom aust og vest.

Vegval

TO AV TRE: E134, riksveg 7 og riksveg 52 er dei tre aktuelle alternativa mellom Oslo og Bergen.

Foto: NRK

Partiet har snudd

Samferdsleministeren annonserte før jul at han fyrst og fremst satsar på E134 over Haukelifjell som ny hovudveg mellom aust og vest.

No skal politikarar og etatar velje mellom riksveg 7 og riksveg 52. Diskusjonane om kva som skal vere hovudvegen i nord har vore knallhard.

– Det er ikkje slik at vegen over Hardangervidda skal stengjast, men vi skal heller leggje satsinga på vegar som går over Hemsedal i nord, og Haukelifjell i sør, seier Kårbø.

Om ikkje riksveg 7 blir vald, vil det mellom anna bety at vegen ikkje blir prioritert å halde open om vinteren.

KrF trur ikkje det vert reaksjonar på gårsdagens vedtak.

– I april i fjor sa samferdsleutvalet at vegane er for nærme kvarandre. I eit regionsperspektiv, treng vi noko i både nord og sør, seier Kårbø.

Førstekandidat for KrF i Hordaland Pål Kårbø

FORSVARAR: Pål Kårbø i KrF trur ikkje vedtaket vil vekke reaksjonar, trass snuoperasjonen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Glad for støtte

Fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap) hausta kritikk då ho tidlegare i år gjekk inn for det same. No får ho altså støtte.

– Eg er sjølvsagt glad for det vedtaket KrF sitt fylkesparti har gjort, seier Hestetun.

Ho meiner Vestlandet treng ein prioritert open vinterveg i både nord og sør, for at også regionen skal ha eit teneleg samband.

– Skal vi byggja ein region, må vi ha respekt for god samferdsel i nord og sør. Det er noko me prioriterer å ta vare på, seier ho.

Anne Gine Hestetun

FÅR STØTTE: Anne-Gine Hestetun, fylkesordførar i Hordaland, har tidlegare fått kritikk for å velje vekk traseen i eige fylke.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– KrF er blitt eit haleheng

Nils Marton Aadland (H) er sjokka over det politiske vedtaket til KrF om traséstriden. Han meiner dette skaper utfordringar for regionen.

– Det er svært overraskande og uheldig at KrF vinglar i ei vanvitig sak for både Hordaland og Vestlandet. Dette fører til at vi får større utfordringar om å realisere viktige samferdsleprosjekt for Hordaland, seier Aadland.

Aadland ynskjer at partia i fylket samlar seg om å gå for Hardangervidda som traséløysing.

– Det er beklageleg at det som i fjor blei einsemd i fylkesutvalet og frå Bergen Kommune, no er blitt til vingling både i KrF og Arbeidarpartiet. Håpet mitt er at Hordaland samlar seg om dei gode løysingane, slik at vi får realisert samferdselsprosjekt i regionen vår.

Nils Marton Aadland

FRUSTRERT: Nils Marton Aadland i Høgre er forundra over KrF.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.