Hopp til innhold

Frp og Høgre kuttar støtta til næringsselskap etter tabbe i budsjettforhandlingane

Ein reknefeil i millionklassen fekk Høgre og Frp til å kutte i støtta Business Region Bergen. No reagerer nabokommunane, og fylkesordføraren kallar inn til oppklaringsmøte.

Tom-Christer Nilsen

BER OM MØTE: Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen kjem no til å be om eit eigarmøte for å finna ut kva kommunane vil med Business Region Bergen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Kuttet er ein del av budsjettavtalen med Venstre, Kristeleg Folkeparti og Byluftlisten, som sikrar fleirtal for bybudsjettet i Bergen.

dag skansen

VEDGÅR MISFORSTÅING: Gruppeleiar i Høgre i Bergen, Dag Skansen, vedgår at partia som inngjekk budsjettavtalen har misforstått kor stor del av pengane frå Bergen som er brukt i Business Region Bergen.

Foto: HØYRE.NO

Bergen kommune har dei siste åra budsjettert med 10,2 millionar til Business Region Bergen (BRB). Gjennom budsjettforhandlingane kom partia fram til at dette skulle kuttast med 2,5 millionar.

Under forhandlingane om bybudsjettet bad bystyrepolitikarane om tal på kor stor del av pengane som vart løyvd til Business Region Bergen i 2014, som faktisk var brukt.

Gruppeleiar Dag Skansen (H) sa at årsaka til kuttet var at BRB ikkje hadde brukt alle pengane dei tidlegare hadde fått, då han la fram budsjettet for pressa.

Men NRK veit at tala som kom på bordet under forhandlingane vart misforstått.

Medan bystyrepolitikarane trudde at kommunen hadde løyvd over fem millionar meir enn det som faktisk var nytta i BRB, har det vist seg at det eigentleg er snakk om rundt 1,8 millionar.

Feilen gjorde at Høgre og Frp gjekk med på å kutta 2,5 millionar frå selskapet.

– Skal ikkje ha konsekvensar for drifta

Skansen vedgår at partia som inngjekk budsjettavtalen har misforstått kor stor del av pengane frå Bergen som faktisk er brukt i Business Region Bergen.

Men sjølv om det verkelege talet er fleire millionar høgare enn forhandlarane trudde, står avtalen fast. Skansen håpar likevel ikkje at trekket går ut over dei andre kommunane.

Terje Søviknes

KRITISK: Frp-ordførar Terje Søviknes i Os.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det er gjort med den hensikt at det ikkje skal ha nokon konsekvensar for drifta av Business Region Bergen, seier han.

– Er det ryddig som eigar av eit aksjeselskap å trekkje pengane før ein har avklart kva organisasjonen skal drive med?

– Dersom det ser ut til at det er prosjekt som Business Region Bergen vil ha behov for i 2015, så må ein justere dette etter første tertial, seier Skansen.

Nabokommunane kritiske

Business Region Bergen (BRB) vart starta som aksjeselskap i 2007, og skal driva næringsutvikling og marknadsføring av bergensregionen. I Os har dei putta heile næringspolitikken sin inn i selskapet.

Kuttet til Bergen på 2,5 millionar kroner er åleine dobbelt så stort som bidraget frå dei andre eigarkommunane til saman. Til samanlikning mista BRB 410.000 kroner då ein kommune som Askøy fjerna heile støtta si.

– Det er spesielt når ein vel å ta vekk delar av driftsgrunnlaget for Business Region Bergen gjennom ein budsjettforhandling. Me skal hugse på at ein er medeigar i eit selskap som har fleire eigarar, seier Frp-ordførar Terje Søviknes i Os om Bergen kommune sitt kutt.

Høgre-ordførar Nils Marton Aadland i Meland kommune er også uroa for situasjonen til Business Region Bergen.

– Det at Bergen no trekkjer ned sin del til Business Region Bergen kan bli ein utfordring for dei andre kommunane i BRB, seier Aadland.

Ber om eigarmøte

Nils Marton Aadland

UTFORDRING: Høgre-ordførar Nils Marton Aadland i Meland kommune meiner det er ei utfordring for dei andre kommunane no når Bergen trekkjer ned sin del til Business region Bergen.

Foto: Arthur Kleiveland, Avisa Nordhordland

I 2014 har eigarkommunane Stord og Askøy stoppa sine utbetalingar til næringsselskapet, og politikarane i Fjell opnar for å gjera det same.

Bergen er saman med Hordaland fylkeskommune den største eigaren i BRB. Dei eig kvar sin tredjedel av aksjane. Dei resterande 34 prosenta vert eigd av dei andre kommunane.

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) stiller også spørsmål med avgjerda til Bergen. Han kjem no til å be om eit eigarmøte, for å finna ut kva kommunane vil med selskapet.

– Det er naturleg å ta eit eigarmøte og diskutere rammebetingelsane til selskapet, både på bakgrunn av utmeldingane, men kanskje hovudsakleg grunna endringane som har skjedd på budsjettet i Bergen, seier Nilsen.

Får ein mindre pengar, så kan ein gjere mindre, og det betyr at selskapet må stille seg om. Det kan for så vidt vera positivt på den måten at ein ser på verksemda si på nytt, seier han.

Onsdag skal finanskomiteen i Bergen behandle kommunebudsjettet.