NRK Meny
Normal

Forsvararen: – Drapssikta følte seg provosert

Mannen som er sikta for å ha drepe ei 35 år gamal etiopisk kvinne, har i avhøyr forklart at han vart provosert til å drepe.

Knivdrap i Fyllingsdalen

FØLTE SEG PROVOSERT: Den 50 år gamle mannen som er sikta for å ha drepe ei 35 år gamal kvinne med kniv, skal ha følt seg provosert til å drepe.

Foto: Kjartan Lægreid / NRK

Den 50 år gamle mannen som sit i varetekt, sikta for drapet på kvinna, har erkjent å ha stukke kvinna fleire gonger med kniv i Fyllingsdalen i Bergen, den 13. desember i år.

Mannen sin forsvarar, Kaj Wigum, seier til Bergens Tidende at den sikta skal ha kjent seg pressa i lengre tid.

– Det var ei impulshandling, som svar på ein langvarig provokasjon. Han forklarar at han vart utsett for eit angrep først, og at det blei den utløysande dropen, seier Wigum til avisa.

– Følte seg trakassert

Angrepet som skal ha skjedd mot mannen, skal ha skjedd på kjøkkenet i hybelhuset kvar den sikta og den avdøde kvinna budde, før den sikta stakk kvinna med kniv.

Dette angrepet mot den drapssikta mannen skal ikkje ha vore så kraftig at han meiner å ha handla i naudverje, ifølgje Wigum.

– Det vart ein akutt situasjon der og då som ikkje vart skapt av han sjølv. Han hadde følt at han vart trakassert over lang tid. Situasjonen gjorde at han vart ført utanfor det han sjølv hadde kontroll over, seier Wigum.

Konflikten mellom den avdøde og den sikta skal ha blitt utløyst av at kvinna skal ha latt kjærasten flytte inn til seg.

Skal undersøkast

Naboar skal ha beskrive den sikta 50-åringen som «ein diktator», og ein som heldt seg mykje for seg sjølv.

Den avdøde kvinna skal også ha varsla politiet om konflikten med den drapssikta 50-åringen med to dagars mellomrom i midten av september.

Naboar skal også ha kontakta politiet om den drapssikta mannen, og den sikta skal også ha blitt bøtelagt for lekamsskading mot ein nevø.

50-åringen skal gjennom ein såkalla prejudisiell observasjon for å finne ut om det er grunnlag for å undersøkje om mannen var psykotisk då han stakk kvinna med kniv.

Deretter vil det i så fall ei rettspsykiatrisk undersøking av mannen, og dersom det skulle vise seg at mannen var psykotisk kan han ikkje dømmast til fengselsstraff.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.