Drapssikta møtte ikkje til fengslingsmøte

50-åringen erkjenner å ha stukke ei 35 år gamal kvinne fleire gonger med kniv. No er han varetektsfengsla i fire veker.

Kvinne knivdrept i Fyllingsdalen

FENGSLA: 50-åringen har erkjent å ha stukke naboen fleire gonger med kniv. Drapet skjedde på kjøkkenet i dette hybelhuset som den drepne kvinna og sikta budde i Fyllingsdalen i Bergen.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Fengslingsmøtet i Bergen tingrett i dag var over etter kort tid. Den sikta ytra gjennom sin advokat Kaj Wigum eit ønske om å sleppe å møte til fengslinga, noko dommaren godkjente.

– Sikta er fengsla i fire veker med brev- og besøksforbod, seier politiadvokat Trond Eide til NRK i det han forlèt Bergen tingrett.

50-åringen som har dansk statsborgarskap, er sikta for forsettleg drap på ei 35 år gamal kvinne frå Etiopia. Han samtykker til varetektsfengslinga.

Skal ha oppfatta sikta som trugande

Den sikta og kvinna var naboar i eit hybelhus i Fyllingsdalen i Bergen, og drapet skal ha skjedd på kjøkkenet.

Ein nabo fortalde BT i går at både han og den drepne kvinna tidlegare har kontakta politiet fordi dei oppfatta den sikta som trugande. Politiet vil enno ikkje seie meir om det var eit problematisk forhold mellom dei to.

– Eg vil ikkje sei noko om kva detaljar politiet har. Det er av omsyn til etterforskinga. Vi ønskjer ikkje at informasjon skal påverke vitne, seier Eide.

I tillegg til avhøyr med den sikta, har politiet avhøyrt tre vitne til hendinga. Eit vitne skal ha sett delar av ugjerninga.

Held fram etterforskinga

Den drepne kvinna er obdusert i dag, men det ligg føre ikkje nokon skriftleg rapport enno. Politiet har mykje etterforsking igjen i saka.

– Saka er svært alvorleg og vi må belyse alle sider av saka. Alle spora som vi har sikra skal analyserast, avsluttar Eide.

Forsvarar Kaj Wigum vil ikkje seie stort anna enn at den sikta erkjenner dei faktiske forhold.

– Eg ønskjer ikkje å gi fleire kommentar på noverande tidspunkt.