Drapet fann stad på eit hybelhus i Fyllingsdalen i desember 2014. Kvinna blei knivstukken 17 gongar før ho blødde i hel av skadane.
No er 51-åringen dømt til 15 års forvaring, med ei minstetid på 10 år, skriv BA.
Han må også betale 350.000 kroner i erstatning offeret si mor i Ethiopia.
- LES OGSÅ:
Drapet blir skildra som «svært grovt»
Den danske statsborgaren, som opphavleg er frå Sri Lanka, vedgjekk tidleg i rettssaka at han hadde drepen henne. Rettssaka starta 15. februar.
Retten har lagt vekt på rapporten frå dei sakkunnige, som skriv at 51-åringen «har eit urealistisk sjølvbilde og ei manglande sjølvforståing som gjer at han ikkje unngår situasjonar der han opptrer grenseoverskridande, snarare tvert i mot»,
I dommen frå Bergen tingrett blir drapet skildra som «svært grovt». 51-åringen har frå tidlegare fleire dommar frå Danmark som omhandlar vald og seksuelle overgrep.
Det var i dette hybelhuset i Fyllingsdalen drapet fann stad.
Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix- LES OGSÅ:
Hevdar han ikkje hugsar sjølve knivstikkinga
Desemberkvelden i 2014 hadde dei to ein krangel på kjøkenet i hybelhuset. Det var nesten blitt midnatt då politiet fekk den urovekkande meldinga frå Vestlundveien.
10 av dei 17 knivstikka var potensielt dødelege. 51-åringen seier han ikkje hugsar sjølve knivstikkinga, og at han kom til seg sjølv igjen først då kvinna låg i ein blodpøl på kjøkengolvet.
Ti minutt over midnatt blir Ameha erklært omkomen på staden.
51-åringen har under rettssaka også forklart at det hadde bygd seg opp ei konflikt over lenger tid mellom han sjølv og den avdøde kvinna. Han skal i lang tid forsøkt å unngå at dei møtte kvarandre i kollektivet.
- LES OGSÅ: