Hopp til innhold

– Kvinna kontakta politiet om den drapssikta

Naboane til mannen som er sikta for knivdrap i Fyllingsdalen, seier dei fleire gonger oppfatta han som trugande.

Politisperringar ved hybelhus i Fyllingsdalen

OPPFATTA SIKTA SOM TRUGANDE: Naboar fortel at dei følte seg truga av 50-åringen som er sikta for forsettleg drap på ei 35 år gamal kvinne. Politiet vil ikkje kommentere forholdet mellom dei to.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Eg ringde politiet for nokre månadar sidan og sa dei måtte komme med ein gang, fordi han var aggressiv, seier Haben Yohannes Gebretatios til Bergens Tidende.

Han er nabo til den no drapssikta 50-åringen, som erkjenner å ha stukke ei 35 år gamal kvinne frå Etiopia fleire gonger med kniv. Det var natt til søndag at drapsalarmen gjekk i Fyllingsdalen. Kvinna vart erklært død på staden, medan politiet arrestert 50-åringen med dansk statsborgarskap. Han er sikta for forsettleg drap.

TIl BT fortel nabo Gebretatios at både han og den drepne kvinna kontakta politiet fordi dei oppfatta den sikta som trugande.

Vil ikkje kommentere forhold

Trond Eide

Politiadvokat Trond Eide

Foto: Jon Bolstad

Drapet skjedde på kjøkenet som kvinna og den drapssikta mannen delte i hybelhuset i Fyllingsdalen. Politiet veit ikkje om dei har sikra seg drapsvåpenet, men fortel at det var vitne til stades under delar av ugjerninga.

Politiadvokat Trond Eide ville på pressebriefen søndag ikkje kommentere om avdøde og sikta hadde eit problematisk forhold.

– Når det gjeld slike ting som kan belyse motiv eller detaljar, så går vi ikkje ut med det på dette tidspunkt. Det er av taktiske omsyn, fordi alle avhøyr ikkje er gjennomført, sa Eide til NRK.

Fengsling seinast tysdag

Han legg til at 50-åringen ikkje er nokon kjenning av politiet, men at mannen tidlegare har fått ei bot for ei lekamskrenking.

Den sikta vil truleg bli framstilt for varetektsfengsling utpå dagen måndag, seinast tysdag, avsluttar Eide.