Hopp til innhold

Fleire melder familievald til politiet

Talet på melde familievaldsaker aukar i heile landet. – Utfordringa no blir å sjå kor mange av desse som endar i ein dom, seier leiar for Krisesenter-sekretariatet.

Flere melder familievold til politiet

SØKER TILFLUKT: Bak desse dørene på krisesenteret i Bergen søkjer kvinner og born tilflukt frå valdelege familiesituasjonar.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

– Her kjem kvinner som har vore utsett for veldig grov vald i heimen. Staden som for dei alle fleste av oss er den tryggaste, har vore den farlegaste plassen for dei å vere, seier dagleg leiar for Krisesenteret i Bergen, Lene Eriksen.

Lene Eriksen

Lene Eriksen, dagleg leiar for Krisesenteret i Bergen

Foto: Marte Njåstad / NRK

Ho syner NRK rundt på familierommet på krisesenteret i Bergen. Her skal kvinner og barn som har søkt tilflukt frå vald i nære relasjonar, kjenne seg trygge.

Og fleire av desse kvinnene vel no også å melde valden til politiet. Talet på melde saker her er høgare enn nokon sinne, og over heile Norge aukar talet på kvinner og menn som politimelder familievald.

– Det er veldig positivt. Det er med på synleggjere kor mange som vert utsett for vald, og det fører til auke bevisstheit i hjelpeapparatet generelt, seier Eriksen.

LES OGSÅ: Frykt hindrer anmeldelser av familievold | Stor økning i besøksforbud

Fleire politimelder familievald

I perioden 2010–2014 var det ein auke på 23 prosent i talet på anmeldte familievaldsaker i Noreg. Så langt i år har det vore over 1800 melde saker. Det er ein auke på 17 prosent frå same tid i fjor.

– Utfordringa no blir å sjå kor mange av dei melde sakene som ender i ein dom.

Tove Smådal, leiar for krisesentersekretariatet i Norge

Ved Krisesenteret i Bergen var 97 kvinner innom i fjor. Over halvparten av dei melde valden dei hadde blitt utsett for til politiet. 10 menn var innom senteret i fjor, og 80 prosent av dei melde valden til politiet.

Astrid Birgitte Borge

Astrid Birgitte Borge, seksjonssjef i Politidirektoratet.

Foto: Kjetil Grude Flekkøy

Seksjonssjef i Politidirektoratet Astrid Birgitte Borge trur ikkje det er meir vald som ligg bak tala.

– Me har ingen grunn til å tru at omfanget av familievald har auka. Tvert i mot trur me at det er eit resultat av auka fokus på dette, både frå politiets side og andre etatar.

LES OGSÅ: – Jeg turte ikke å si at hun slo | Barnemishandling til Høyesterett

– Samfunnet må reagere

Leiar for krisesentersekretariatet i Norge, Tove Smaadahl er glad for at fleire politimelder valden, men skulle ønske at færre saker blei lagt vekk.

– Staden som for dei alle fleste av oss er den tryggaste, har vore den farlegaste plassen for dei å vere.

Lene Eriksen, dagleg leiar for Krisesenteret i Bergen

– Dette er særdeles bra, og det har jo vore ei sterk satsing på dette.

– Utfordringa no blir å sjå kor mange av dei melde familievaldsakene som endar i ein dom, seier ho. Det er kanskje den største utfordringa, at det blir god etterforsking og at samfunnet kjem med ein klar reaksjon, seier Smaadahl.

LES OGSÅ: Stor økning i besøksforbud

– Færre flyttar tilbake

Ofte tek det tid før barna på krisesenteret blir seg sjølve igjen. Lene Eriksen ser no oftare at dei som søker hjelp, heller ikkje dreg tilbake til valden.

– Det er færre og færre som flyttar tilbake. Av dei med barn, er det neste ingen som flyttar tilbake. Før var det fleire, så det er me veldig takknemlege for, seier ho.

LES OGSÅ: – Vi får bare tatt en liten del av volden mot barn