Hopp til innhold

Ferjebilletten er gratis, men Nor-Way krev opptil 120 kroner om du tar bussen

Med Autopass-ordning på ferja er det gratis for passasjerar. Men på Kystbussen til Nor-Way Bussekspress kostar ferjeturen opptil 120 kroner.

Ferge ved Halhjem

EKSTRABILLETT: Strekninga Halhjem-Sandvikvåg er gratis for ferjepassasjerane, men ikkje viss dei reiser med Kystbussen.

Foto: SIMON S. BRANDSETH / NRK

Ekspressbussruta mellom Stavanger og Bergen kryssar to fjordar: Ferjesambandet Mortavika-Arsvågen over Boknafjorden i Rogaland, og sambandet Sandvikvåg-Halhjem over Bjørnafjorden i Hordaland.

1. januar 2019 vart det innført Auto-Pass på dei to ferjestrekningane, og dermed vart det dyrare for køyretøy. Samstundes vart det gratis for passasjerar å ta ferja.

Men ikkje viss du er passasjer med Kystbussen til Nor-Way Bussekspress.

Gratisbillett kostar 50–120 kroner

På nettsida til selskapet er prisen på ein bussbillett frå Mortavika til Haugesund oppgitt å kosta 230 kroner. Viss du heller kjøper bussbillett frå andre sida av fjorden, kostar det 180 kroner frå Arsvågen til Haugesund.

Reisa blir altså 50 kroner dyrare, sjølv om ferjebilletten er gratis for passasjerar.

Vel du å ta bussen mellom Sandvikvåg og Halhjem, kostar det mellom 70 og 100 kroner for ferjeturen avhengig av kvar du gjekk på bussen. Frå Stavanger blir det dyrast.

Produktsjef: – Skal ikkje gå an

Viss du berre skal ha ferjeturen, og er så «dum» å bestilla den via Nor-Way, kostar den gratis turen over Boknafjorden eller Bjørnafjorden heile 120 kroner.

Skjermdump frå Nor-Way/Kystbussen

DYR GRATISBILLETT: Begge ferjeturane på Kystbussen er gratis for ferjepassasjerar, men kostar opptil 120 kroner på Nor-Way Bussekspress sine nettsider.

Foto: Skjermdump

– Nei, du kan ikkje kjøpa ein ferjebillett på Nor-Way, seier produktsjef Svein Helge Hauge i Tide, som driv Kystbussen.

– Det kan ein på nettsida til Nor-Way Bussekspress?

– Det skal ikkje vera mogleg. Då er det ein feil som skal vekk. Ein slik billett skal ikkje eksistera i det heile tatt. Me sel bussreiser, ikkje ferjeturar.

– Men kvifor kostar Kystbuss-billetten frå Stavanger 100 kroner meir til Halhjem enn til Sandvikvåg?

– Det er ei logisk forklaring på prisforskjellen: Med innføring av Autopass på ferja vart taksten for bussen vesentleg dyrare, uavhengig av om det er to eller tjue passasjerar på bussen. Så for busspassasjerane som er med på ferja, er ein andel av busskostnaden tatt inn i billettprisen, seier Hauge.

Svein Helge Hauge, Tide/Nor-Way Bussekspress

LOGISK FORKLARING: – Passasjerane på Kystbussen betaler ein andel av det det kostar å frakta sjølve bussen med ferja, seier produktsjef Svein Helge Hauge i Tide.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Varslar nye prisar etter nyttår: – Skurrar litt

I februar lova Kystbussen å vurdera prisendring som følge av Autopass-ordninga på ferjene. No seier Hauge det skal komma nye prisar frå 1. januar 2020.

– Me sit akkurat no og ser på den spesifikke kroneforskjellen mellom ferjeleia, fordi også me føler at den skurrar litt. Utfordringa har vore korleis endringane med Autopass vil slå ut for oss.

Med 40 prosent bedriftsrabatt har ein buss på opptil 17,5 meter ein ferjetakst på 857 kroner på sambandet Halhjem-Sandvikvåg.

Til dømes er ni passasjerar frå Stavanger til Bergen dermed nok til å dekka ferjetaksten for bussen.

– Me ser på korleis me skal justera prisforskjellen mellom ferjeleia, slik at ein liten andel skal vera med og kompensera for den høgare bussprisen. Me ønsker å redusera den forskjellen frå årsskiftet.

Byterminalen

EKSPRESS: Kystbussen mellom Bergen og Stavanger kryssar to fjordar med ferje.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Sa opp avtale med Nor-Way Bussekspress

Det er ikkje første gongen Nor-Way Bussekspress vurderer endringar i prisane sine det siste året.

I mars skreiv NRK at selskapet selde meir enn dobbelt så dyre bussbillettar som det offentlege transportselskapet Skyss på reiser med Haukeliekspressen.

Etter at NRK omtalte prisparadokset, sa Skyss opp avtalen med busselskapet. No sel Nor-way billettane på Haukeliekspressen like billig som Skyss.

I oktober skreiv NRK om ei tilnærma identisk sak på ekspressruta Fjordekspressen. Også her kunne reisande kjøpa billett til lokalpris gjennom appen til Skyss, medan reisande som kjøpte av Nor-Way eller Vy betalte tre gongar så mykje.

– Me vil sjå om det er mogleg å få til avtaler der passasjerane får Skyss-takst også på nettsida vår, i alle fall frå 2020, sa direktør Merete Olsen i Nor-Way Bussekspress til NRK.

Selskapa opplyser framleis ikkje om Skyss-rabatten på nettsidene der dei sel billettar til Fjordekspressen.