Hopp til innhold

Bussbilletten kosta 200 kroner meir via privat selskap

Passasjerar betalte dobbelt så mykje for akkurat den same bussbilletten. Etter at NRK omtalte prisparadokset, seier Skyss opp avtalen med Haukeliekspressen.

Buss på busstasjonen i Bergen

DOBBEL PRIS: Ein kan spare opp mot 200 kroner ved eit tastetrykk på Haukeliekspressen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Dei som bestiller turen via appen til det offentlege kollektivselskapet i Hordaland, Skyss, sparar mykje pengar, medan dei som betaler via det private ekspressbuss-selskapet, må ut med dobbel pris.

– Me ser at det er uheldig, seier produktsjef for Haukeliekspressen, Svein Helge Hauge.

Årsaka til prisforskjellen er at det 1. august i fjor blei innført langt færre kollektivsoner i Hordaland. Det førte til sterkt reduserte billettprisar fleire stader. Til dømes vart prisen mellom Etne og Odda endra frå 177 til 37 kroner.

Ein av strekningane som fekk solide priskutt, var mellom Bergen og Røldal, vintersportsstaden og fjellbygda heilt aust i Hordaland.

Svein Helge Hauge, produksjef fly og ekspressbuss i Tide

– UHELDIG: Svein Helge Hauge, produktsjef for Haukeliekspressen i Tide, seier prisforskjellen er uheldig.

Foto: Leif Rune Løland / NRK Hordaland

170 eller 376 kroner

Men passasjerar på Haukeliekspressen som kjøper billett direkte frå Nor-Way Bussekspress, får ikkje glede av priskuttet.

Skal du ta bussen dei om lag fire timane frå Røldal til Bergen, kostar det 376 kroner dersom du kjøper billett om bord på ekspressbussen. På nettsida til Nor-Way Bussekspress er prisen mellom 302 og 361 kroner, avhengig av vekedag og kor tidleg du bestiller.

Men dersom du brukar appen til Skyss, det offentlege selskapet som styrer kollektivtrafikken i Hordaland, kostar turen 170 kroner.

Du betaler då berre 100 kroner for dei 3,5 timane mellom Bergen og Seljestad, fordi Skyss subsidierer den strekninga. I tillegg må du betala 70 kroner for dei 25 minutta på ekspressbussen mellom Seljestad og Røldal.

BYTTE: På reisa mellom Bergen og Røldal må du bytta buss på Seljestad.

Hemmelege forretningsavtaler

Innsparinga blir altså opptil 206 kroner. Men Nor-Way Bussekspress informerer ikkje kundane om at dei sel billettar som er over dobbelt så dyre.

Hauge vedgår det er uheldig at prisane er forskjellige.

– Endringa i sonestruktur har vore med på å gjere det noko uklart. Me har fått nokre tilbakemeldingar og har tatt denne problemstillinga opp med Skyss. Målet er å finne ei betre løysing for dei reisande, seier Hauge.

Selskapet vil ikkje svara på om det er det private selskapet, eller det offentlege Skyss, som får dei ekstra inntektene av at passasjerar betalar dobbel pris.

– Får Skyss inntektene?

Det er for så vidt hemmeleg. Vi ønsker ikkje å gå ut med detaljane i avtalen mellom Skyss og Nor-Way Bussekspress, seier Hauge.

Haukeliekspressen

ULIK: Ein billett kjøpt på nettsida til Nor-Way Bussekspress kan gjera turen over 200 kroner dyrare.

Foto: ØYVIND BERG / WIKIMEDIA COMMONS

Seier opp avtalen

Allereie dagen etter at NRK tok opp problemstillinga, varslar Skyss at dei seier opp avtalen.

– Omtalen i NRK har vore ei utløysande årsak til at dette skjer no, vedgår Målfrid Vik Sønstebø, direktør i Skyss.

– Haukeliekspressen har hatt høve til å selja såkalla gjennomgåande billettar for ei reise som startar i Bergen med Skyss-bussen, for så å gå over på Haukeliekspressen. Me ser no at avtalen har gitt uheldige konsekvensar for kunden, så difor seier me den opp.

Thomas Iversen, juridisk seniorrådgjevar i Forbrukarrådet, seier det ikkje er lovstridig at det private busselskapet tar dobbel pris.

Thomas Iversen

FORBRUKARRÅDET: Juridisk seniorrådgjevar Thomas Iversen.

Foto: Halvor Pritzlaff Njerve / Forbru

– I utgangspunktet er det greitt, men eg forstår at kundane kan oppleva å kjenna seg litt lurt. Det bør gå tydeleg fram at du sparar halve billettprisen viss du bruker Skyss sin app, seier Iversen.

Forbrukarrådet meiner Skyss burde ha informert kundane tydeleg om denne prisforskjellen.

Prisnedgang eller prisoppgang?

Hauge seier selskapet no diskuterer med Skyss korleis dei skal få eit enklare og mest mogleg einsretta system.

Men om prisen i Skyss-appen går opp, eller prisen til Nor-way bussekspress går ned, kan ingen svara på.

– Det kan eg ikkje forskottera no, seier produktsjef Hauge.

– Resultatet må me koma tilbake til. Fram til det må kunden løysa to billettar, seier Sønstebø.