NRK Meny
Normal

Fekk fisk med magen full av oppdrettsfôr

Då Trond Skeie sløya fisken han fekk i garnet, sprengte pellets frå fiskeoppdrett seg ut av magen. – Uappetittleg, meiner han.

Sei med magen full av oppdrettspellets.

UAPPETITTLEG: – Eg vil ikkje ete dette. Dette fôret høyrer ikkje til i naturen. Det er forsøpling, seier Trond Skeie.

Foto: Privat

– Eg spretta dei opp, men allereie på førehand kunne eg sjå at dette var fisk som hadde gått under fiskeoppdrett. Dei har lite hovud og stor kropp, seier Skeie, som fekk fisken i nærleiken av Turøy i Fjell kommune i Hordaland.

For ein hobbyfiskar som er på sjøen eit par gongar i veka, er ikkje dette lenger noko uvanleg syn.

– Det har vore slik i mange år. Får du sei som har gått under merdane, er dei fulle av pellets alle saman, seier han.

– Miljøkriminalitet på høgt plan

Skeie er ikkje den første som irriterer seg over dette. Johnny Eliassen som er busett på Reinøya i Troms fekk førre veke ein torsk med magen full av oppdrettsfôr.

– Det var ein motbydeleg fisk som lukta fælt, sa Eliassen til NRK.

Det er altså ikkje alt fôret som oppdrettarane matar fisken med som blir ete på veg mot botnen. Dermed blir det rikeleg til overs som villfisk i områda rundt forsyner seg av.

– I tillegg legg mykje av fôret seg på botnen. Det gjer at krabben i område har skifta farge til svart, og rekene har forsvunne. Dette fôret høyrer ikkje til i naturen. Det er forsøpling. Miljøkriminalitet på høgt plan, spør du meg, seier Skeie oppgitt.

– Blir gjort for lite

Trond Skeie

KRITISK: Trond Skeie går hardt ut mot laksenæringa. – Det går godt og dei tener store pengar. Då burde dei kunne gjera noko med problema dei skaper, meiner han.

Foto: Privat

Sjølv klarer han ikkje å nyte slik fisk til middag.

– Eg ville ikkje ha ete den. Det ser ikkje veldig appetittleg ut.

At naturen og artane i sjøen endrar seg slik, skuldar han oppdrettsnæringa for.

– Laksenæringa er stor i Noreg, den går godt og dei tener store pengar. Då burde dei kunna gjera noko med problema dei skaper, meiner Trond Skeie.

Skeie etterlyser også Mattilsynet.

– Ville dei akseptert slik forsøpling dersom dette var snakk om matproduksjon på land? spør han.

Ikkje farleg

Sei med magen full av oppdrettspellets.

SKULDAR PÅ OPPDRETTSNÆRINGA: – Laksenæringa er stor i Norge, den går godt og dei tener store pengar. Då burde dei kunna gjera noko med problema dei skaper, meiner Trond Skeie.

Foto: Privat

Lise Rokkones, seksjonssjef for seksjon sjømat i Mattilsynet, forsikrar om at det ikkje er farleg å ete denne typen fisk, men fortel at den ofte kan bli «blaut» i kjøtet.

Rokkones trur ikkje Skeie sin fisk er eit bevis på overfôring.

– Fôr er ein stor kostnad i produksjonen og oppdrettarane brukar ikkje meir pellets enn naudsynt, trur ho.

Jobbar aktivt

Leiar for oppdrettsutvalet i Norske Sjømatbedrifters Landsforening, Alf Gøran Knutsen, meiner det ikkje er problematisk at villfisk et oppdrettsfôr.

– Laksefôret vi nyttar i dag har eit ekstremt høgt energiinnhald. At annan fisk et restane vil snarare skape eit større miljø for villfisk, seier han.

Knutsen fortel at dei jobbar aktivt for at oppdrettsanlegga skal påverke omgivnadane så lite som mogleg.

– Næringa brukar milliardar på å utvikle metodar som skånar miljøet.

Siste video

Vestlandsrevyen, 22.09.2017.
Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.