Hopp til innhold

Feil autovern kan ha bidratt til at 18-åring omkom

Ung sjåfør mista kontrollen over bilen på ein stad der vegen hadde opning i autovernet. – Eit anna rekkverk kunne ha hindra det fatale utfallet, seier ulukkesgranskar.

18-åring omkom i trafikkulykkke i Kvinnherad

DØDSULUKKE: Ein 18-åring omkom då bilen han sat i trefte nedføringa på eit autovern i Kvinnherad kommune.

Foto: Anders Totland / Sunnhordland

Ein 18 år gamal mann mista livet i ulukka på Husnes i Kvinnherad i romjula i fjor. Ein jamaldra mann vart hardt skadd.

Ulukka sette eit sterkt preg på ungdomsmiljøet i Sunnhordlands-kommunen.

Trefte autovernet på verst tenkelege stad

Ulukkesanalysegruppa i Statens vegvesen har no levert granskingsrapporten etter dødsulukka natt til 27. desember i fjor.

I ein slak venstresving i Opsangervegen fekk 18-åringen bak rattet skrens på bilen. Bakenden slo ut mot høgre og bilen trefte deretter autovernet i motsett køyrefelt.

Akkurat på denne staden var det ein opning i autovernet, noko som til slutt fekk fatale følgjer (sjå figur).

«Bilen dreier noe, og går sidelengs inn i autovern-avslutningen på andre side av åpningen», vert det skildra i rapporten NRK har fått innsyn i.

Den omkomne var passasjer i bilen og sat difor på sida som trefte autovernet først. Sjåføren vart funnen kritisk skadd i baksetet på bilen.

– I denne ulukka avviste ikkje rekkverket bilen, slik det skal, seier Terje Vidar Hoel, seniorrådgjevar i Statens vegvesen.

Treffpunkt figuer kollisjon Kvinnherad

SLENG: Den andre bilfiguren indikerer kor bilen først trefte autovernet. Autovernet klappa saman inne i kupeen.

Foto: Statens vegvesen

Oppfyller ikkje dagens krav

I rapporten blir fire punkt trekt fram som særleg kritiske for at ulukka skjedde:

  • For høg fart forholda tatt i betraktning
  • Is/slaps i vegbana
  • Fleire opningar i autovernet på strekninga
  • Autovernet hadde feil avslutning (ikkje godkjent etter dagens standardar)

«Dersom minst en av disse hendelsene ikke hadde inntruffet, kunne ulykkes- og skadeforløpet vært brutt», slår ulukkesanalysegruppa fast.

– Rekkverket på staden var ikkje i samsvar med dagens standard. Denne type avslutningar fører til ekstra skader på køyretøy, seier Hans Olav Hellesøe, leiar for ulukkesanalysegruppa i Statens vegvesen vest.

Bildet viser hvor bilen traff autovernet

ULUKKESSTADEN: Slik såg det ut i Opsangervegen etter ulukka. Autovernet som gav store skader på bilen ligg i grøfta og ein kan sjå spor etter kor avslutningen på rekkverket var.

Foto: Statens vegvesen

Trur «støytputer» kunne ha redda liv

Etter vegvesenet si handbok for rekkverk og andre tryggingstiltak (ekstern lenke) ville ein i dag ha utrusta endane med såkalla støytputer i begge retningar.

Dersom vegen hadde blitt bygd i dag, ville vegvesenet også ha avgrensa talet på opningar i autovernet. Rapporten slår fast at det var unødvendig mange.

Ein såkalla støtabsorberande endeavslutning, eller «boksehanske», er det anbefalte endestykket på autovern som blir bygd i dag. Den ville ha fanga opp ein del av energien frå bilen.

Hellesøe trur betre eigna rekkverkendar kunne ha gitt eit anna utfall då bilen segla inn mot rekkverket.

– Det er ikkje utenkeleg at det ville ha hindra det fatale utfallet.

Utsnitt frå håndbok for rekkverk i SVV

FEIL: Ifølge Statens vegvesen sine rettleiingar, skal det i minst mogleg utstrekning lagast opningar i autoverna. Dei er dei mest kritiske punkta, meiner vegvesenet.

Foto: Skjermdump / Statens vegvesen

Har skifta ut autovernet

Kvinnherad kommune, som er vegeigar, har etter dødskrasjen lukka opninga i autovernet på ulukkesstaden. I tillegg er to andre opningar på strekninga stengd igjen.

– Dette er eit eldre veganlegg, som blei bygd i tråd med det dåverande regelverket. Me jobbar kontinuerleg å lukka flest mogleg opningar som ikkje har eit føremål, seier einingsleiar for veg, Per Inge Naterstad.

Slikt autovern som var på ulukkesstaden er vanleg over store deler av landet.

– Det er diverre også ein del slike løysingar på riks- og fylkesvegnettet. Det var godkjende løysingar då dei vart bygde, men ein har lært litt undervegs. Slike løysingar blir ikkje bygde i dag, seier Hoel.

husnes