Enorm løftejobb ved Noregs største oljeraffineri – byter ut 500 tonn tung pengemaskin

MONGSTAD (NRK): «Krakkeren» gjer restolje til bensin og har pumpa milliardar av kroner inn i statskassa i 30 år. – Utan denne hadde vi aldri blitt konkurransedyktige, seier Equinor.

KRAKKER: Den nye maskinen erstattar krakkeren frå 1989. – Utan den hadde nok ikkje Mongstad blitt konkurransedyktig i marknaden, seier Equinor.

Noregs største oljeraffineri på Mongstad har i desse dagar stengd ned delar av produksjonen for å drive vedlikehald.

Det er ein jobb som ikkje er gjort i ei handvending. Vedlikehaldet vil ta 30 døgn å gjennomføra og kosta 750 millionar kroner i materiell og utstyr.

2000 personar deltek i arbeidet. Ein overnattingsleir er rigga til på land, og ein oljerigg frakta inn Fensfjorden, for å huse alle folka. 400.000 arbeidstimar blir lagt ned i revisjonsstansen.

– Dette er ein av dei største stengingane vi har hatt. I alle fall er dette reaktorløftet ein stor ting, seier kommunikasjonsansvarleg Henning Neverdal i Equinor.

Dei har planlagd den mellombelse stenginga i to år.

Equinor byter ut 500 tonn tung pengemaskin på Mongstad. Foto: Equinor.

LØFTA UT: Her blir den gamle krakkeren frå 1989 løfta ut av oljeraffineriet. Foto: Equinor.

Lønnsam del av raffineriet

Reaktoren Neverdal snakkar om, er ein såkalla krakker. Den veg 500 tonn og kan minne om ein lubben rakett.

Torsdag blei ein ny og betre krakker frakta inn til delen av anlegget den skal stå på, og løfta på plass ved hjelp av enorme kranar.

Bytet av krakkeren er den mest arbeidskrevjande delen av årets revisjonsstans, ei planlagt nedstenging som skjer kring kvart femte år.

I 1989 stod den førre krakkaren klar. Det fekk stor betyding for Mongstad-anlegget.

Oljeraffineriet bryt opp råolje til bensin, diesel og flydiesel. I prosessen samlar det seg eit tjukt lag på botn – restolje.

Den er så tjukk at det ikkje kan brukast til anna enn å lage koks. Men køyrer ein denne gjennom krakkaren, blir oljemolekyla brotne opp mellom anna ved hjelp av trykk.

Ut kjem bensin, som Equinor kan selje.

Krakkeren gjer altså at Mongstad kan skvise ut meir av eiga olje, og Equinor importerer dessutan oljerestar frå andre krakkerlause raffineri.

– Utan krakkeren hadde nok ikkje Mongstad blitt konkurransedyktig i marknaden, fastslår Neverdal.

Krakker revisjonsstans Mongstad

2000 PERSONAR: Det er folksamt på Mongstad under revisjonsstansen. 2000 personar er innom anlegget, og dei har 1640 sengeplassar i leir og på flytande eller landfast hotell.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Forureinande

Krakkeren står for det største enkeltutsleppet av CO₂ på raffineriet, ifølgje ein konsekvensutgreiing av verket i 2005 (ekstern lenkje).

Den nye krakkeren vil bli større og betre, ifølge Neverdal.

– Den vil få litt større kapasitet, i tillegg til topp moderne styring. Det handlar om å styre kvar minste detalj, køyre den etter korleis marknaden er, og treffe spesifikasjonar som folk rundt i verda vil ha, seier han.

Krakker Mongstad stående

KLAR FOR LØFT: I løpet av få timar har mannskapet fått krakkeren i ståande posisjon. Så skal den løftast inn på riktig plass i raffineriet.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK
Henning Neverdal, Equinor Mongstad

STORT ARBEID: Revisjonsstansen er ein av dei større dei har hatt, seier Henning Fosse, prosjektleiar i Equinor. Stansen har vore planlagt i to år.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK