Hopp til innhold

Elevane jublar over gratis skulefrukost. Tullete pengebruk, meiner Høgre

ÅRSTAD VGS (NRK): Alle vidaregåandeelevar i Hordaland skal få gratis skulefrukost. Høgre meiner ein heller burde brukt pengane på undervisning.

Elever på Årstad vgs skolefrokost

POPULÆR FRUKOST: – Det er til og med elevar frå andre skular som kjem hit for å ete, fortel Årstad-elev Helene Zimmer (t.v.). Ho et frukost saman med Amalie Danielsen, Victoria Mikkelsen og Abdirahman Omar.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Alle dei 33 offentlege vidaregåande skulane i Hordaland innfører i løpet av året gratis skulefrukost for elevane. Det kostar fylkeskommunen 6,5 millionar kroner årleg.

Det er pengar Høgre er svært kritiske til å bruke på mat.

– Det er foreldra og elevane sitt eige ansvar at elevane et før dei går på skulen. Vi synest ikkje dette er ein fornuftig bruk av midlane. Vi skulle ønske ein brukte det på undervisning, seier fylkestingsrepresentant Silja Ekeland Bjørkly.

Ho viser til at Hordaland fylkeskommune har ein pressa økonomi.

– Meir opplagt og fokusert

Elevane ved Årstad vgs., som har testa ordninga sidan 2016, meiner derimot skulefrukosten er fornuftig pengebruk.

– Ein blir meir opplagt når ein får i seg god frukost, seier Marianne Frønningen.

– Ja, og litt meir fokusert, meiner medelev Iulian-Francesco Caraman, som sit saman med Frønningen og Thea Steinbråthen i den nyoppussa kantina på skulen.

Klokka har så vidt passert åtte om morgonen. I kantina møter kring hundre andre elevar kvar dag opp for å ete, før skulen startar.

– Det er til og med elevar frå andre skular som kjem og et her, fortel Helene Zimmer, som sit ved eit anna bord.

Elever Årstad vgs skolefrokost

NØGDE MED TILBODET: Årstad-elevane Marianne Frønningen (f.v.), Thea Steinbråthen og Iulian-Francesco Caraman meiner det er bra at ordninga med skulefrukost no blir utvida til alle dei offentlege vidaregåande skulane i Hordaland.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Ikkje alle får frukost heime

Nordland var den første fylkeskommunen i Noreg som gav gratis skulefrukost til alle vidaregåandeelevar. Seinare kom Aust-Agder etter. I Hordaland, som har langt fleire elevar, har ordninga vorte gradvis fasa inn.

I Hordaland bad dei 33 skulane eigentleg om vel ti millionar kroner til ordninga. Fleirtalspartia i fylkestinget sette av 6,5 millionar kroner, til fordeling mellom skulane. Pengane skal gå utelukkande til mat, ikkje til løn til dei som lagar han.

Summen gir brød, pålegg, mjølk og frukt til elevane.

Samt eit betre miljø på skulen, meiner Årstad-lærar Rolf Trondsen.

– Dei sit ofte åtte-ti-tolv elevar frå same klasse kring borda. Dette skapar eit godt klassemiljø, seier han.

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) er glad for å høyre om erfaringane frå Årstad, når ordninga no litt etter litt blir innført på dei andre skulane ho rår over.

– For oss er dette ein stor siger på vegner av ungdommane. Det er ikkje alle som har fått mat på bordet heime før dei dreg på skulen, seier Hestetun.

Anne Gine Hestetun, fylkesordførar i Hordaland

– KJEM TIDLEG PÅ SKULEN: – Dette gjer at elevar kjem tidleg på skulen om morgonen, byggjer gode relasjonar, og får betre læringsutbyte, meiner Anne Gine Hestetun (Ap).

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Bidreg til trivsel

Fylkesrådmannen viser i saksdokumentet (ekstern lenke) til at Helsedirektoratet slår fast at måltid på skulen fremjar konsentrasjon og læring, og bidreg til trivsel i skulekvardagen.

Tidlegare undersøkingar utført i Bergen tyder på det same.

Høgres Silja Ekeland Bjørkly har derimot ikkje sett dokumentasjon på at skulefrukost bidreg til betre resultat og mindre fråfall.

– Vi er veldig usikre på resultata ein får av dette. Får vi betre resultat på skulen, får vi mindre fråfall av at vi leverer ut frukost? Det trur vel ikkje vi, seier Bjørkly.