– Vi er fortvila, seier professor Gunhild Vesterhus Strand ved Universitetet i Bergen.
Ho forskar på dei eldre si tannhelse, og har i den forbindelse gjort ei undersøking i bergensområdet saman med fylkeskommunen og Bergen kommune.
Eldre langtidssjuke, eller uføre på institusjon eller som har rett på heimesjukepleie, har også rett på gratis tannlege. Men den ferske undersøkinga syner at mange eldre ikkje veit om det.
Også 2014-tal frå kommunane sitt rapporterintgssystem (Kostra) syner at mange eldre som er sjuke og uføre ikkje nyttar seg av gratis tannbehandling. Ifølgje Pensjonistforbundet viser tala for heile Noreg at berre ein av fire tok imot den gratis tannpleia dei hadde rett på i 2014.
Får hjelp for seint
Odontologen i Bergen er arbeidsplassen til professor Vesterhus Strand. Her er topp moderne tannlegestolar og utstyr. Men mange sjuke eldre med tannproblem kjem seg altså ikkje hit i tide.
– Dei kjem for seint. Dei kjem først til tannlegen når store skader har skjedd og dei har øydelagde tannsett, fortvilar Vesterhus Strand.
Undersøkinga hennar er gjennomført i Bergen, Os og på Tysnes. Til saman har 763 personar svart og tala er nedslåande. Kun ein tredel veit at dei har krav på gratis tannpleie. Det er grunn til å tru at det også er slik fleire stader i landet.
Hovudårsaka er at dei ikkje har fått informasjon eller forstått den informasjonen som dei har fått.
– Visste ikkje om det
På Løvåsen sjukeheim i Bergen fortel bebuar Johanna Waage at ho ikkje visste om gratistilbodet då ho hadde heimesjukepleie.
– Eg var ikkje klar over det. Det var ingen som opplyste om det.
– Her på Løvåsen er det tannlege på huset og det gjorde alt mykje lettare for meg. Eg treng ikkje kvi meg eller vere opplagt, seier Waage.
LES OG: Norske eldre er minst ensomme i Europa
Øydelagde tenner
Og tenner som ikkje får behandling forfell raskt, seier professor Gunhild Vesterhus Strand.
– Det er først og fremst tannròte. Tenner som rett og slett har rotna vekk. Det kan også vere slimhinner som gjer at dei opplever smerte og svie, ofte i forbindelse med medisinen som dei tar.
- LES OGSÅ: |
Fylkestannlege Arne Åsan seier det er trist at berre ein tredel veit dei har rett til gratis hjelp frå tannlege.
– Men vi må ikkje svartmåle det heilt, presiserer Åsan.
– Eldre ei samansett gruppe, der mange er alvorleg sjuke og vel tilbodet vekk. Mange andre vel også sin private tannlege.