NRK Meny
Normal

Eittåring måtte overnatte på sjukehus etter Trolltunga-tur

Turen kunne blitt fatal for ei britisk kvinne og hennar eitt år gamle son. – Guten var heilt bleik, byrja å bli blå og skalv, fortel Røde Kors om redningsaksjonen.

Trolltunga

TRAVELT: Redningsmannskap har hatt mykje å gjera ved Trolltunga i Odda denne sommaren.

Foto: Wikimedia Commons

På det verste har hjelpemannskapa rykka ut fleire gongar om dagen til Trolltunga i Odda denne sommaren.

Laurdag hadde redningsmannskapa fire aksjonar. No fortel dei meir om ein av det mest dramatiske; ei britisk mor og hennar eitt år gamle son som fekk problem på turen ned igjen.

– Eg har aldri sett noko slikt før, heldigvis. Ein så liten gut i beremeis i 10-12 timar med dårleg utstyr. Det var på kanten, seier leiar Knut Atle Øyre i Tyssedal Røde Kors.

Det er langt ifrå noko eg hadde utsett mine born for. Ein skal gjere alvorlege vurderingar på om barnet er i stand til å sitje i beremeis i 10–12 timar før ein legg ut på denne turen.

Knut Atle Øyre i Tyssedal Røde Kors
Knut Atle Øyre, leiar i Tyssedal raude kors

Knut Atle Øyre i Tyssedal Røde Kors har jobba med redningsoppdrag ved Trolltunga i over 20 år. Laurdagens oppdrag med å redda ned ein eitt år gamal gut var likevel sjeldan kost.

Foto: Privat

Forfrysing

Redningsoppdraget var sjeldan kost, sjølv for ein som har arbeidd som redningsmann ved Trolltunga i kring 20 år.

– Då vi kom fram, hadde dei teikn til forfrysing, begge to. Spesielt barnet, som var heilt bleik, byrja å bli blå og skalv. Han var ikkje kledd for turen, fortel Øyre.

Han seier at tilfeldige forbipasserande hadde lånt dei ullplagg for å få varmen i barnet. Vidare hadde dei tatt med mora og sonen til ei hytte i nærleiken, der dei pakka guten inn i teppe.

Skryt til hjelparane

– Eg hadde stor medkjensle med mora. Ho var svært sliten, og fortvila over situasjonen. Ho trudde ikkje turen var så lang.

Mora og sonen hadde lagt i veg mot Trolltunga tidleg på laurdagsmorgonen, og hadde tre kilometer att på tilbaketuren då dei fekk hjelp av andre turgåarar.

– Det er langt ifrå noko eg hadde utsett mine born for. Ein skal gjere alvorlege vurderingar på om barnet er i stand til å sitje i beremeis i 10-12 timar før ein legg ut på denne turen, seier Øyre.

Han skryt av dei som hjelpte til.

– Det er særs viktig at vi tek vare på kvarandre i fjellet, og hjelper til når nokon har behov for det.

Overnatta på sjukehus

Då hjelpemannskapa returnerte til Skjeggedal med mora og sonen, vart eittåringen tatt hand om av helsepersonell.

Helse Fonna opplyser til NRK at guten først vart frakta til legevakta, før han vart send vidare til Haugesund sjukehus for observasjon over natta.

Søndag morgon vart han skrive ut.

Laster kart, vennligst vent...

Trolltunga er ein krevande og lang fjelltur. Frå Skjeggedal er det kring 20,4 kilometer att og fram.

Blir ikkje oppretta sak

Områdeleiar Bjørn Arild Fjeldsbø i Røde Kors påpeiker at Odda kommune fleire stader har sett opp skilt som seier korleis ein bør vera utstyrt og kledd når ein legg i veg mot Trolltunga.

Skilt Trolltunga

SKILT: Det er hengt opp mange slike skilt i området ved Trolltunga.

Foto: Odda kommune

– Dei er ikkje til å misforstå, påpeiker han.

Politiet har diskutert å oppretta sak etter hendinga, men lensmannen i Odda fortel at dei har avgjort å ikkje gå vidare.

– Vi var ikkje på staden då dei blei henta ned frå fjellet, og har såleis ikkje faktagrunnlaget som trengst for å opprette ei sak. Vi har heller ikkje mottatt noko melding om til dømes omsorgssvikt frå legen som undersøkte dei, fortel Terje Kvalvik.

Per Magne Eikeland i Røde Kors i Odda og Tyssedal frykter at noen kommer til å dø på turen til Trolltunga, med mindre turistnæringen skjerper kravene. Det lokale Røde Kors-laget vil ha strenge kontroller og sertifikat for å få lov til å gå fjellturen. I sommer har de hatt flere redningsaksjoner.

Sjå korleis ein redningsaksjon mellom Skjeggedal og Trolltunga går føre seg.

Siste video

Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.
Programleder: Marte Rommetveit