Hopp til innhold

Dødsulukka kan føra til nye krav for riggar

Ulukkesriggen COSL Innovator er bygd for å stå imot 100-årsbølgjer, men tolte ikkje kjempebølga som trefte i Nordsjøen. No kan designkrav til riggar bli endra.

oljeriggen COSL Innovator

KJEMPEBØLGE: Bustadetasjane på oljeriggen COSL Innovator låg mellom 15 og 20 meter over vassoverflata. Kjempebølga som trefte kan ha vore opptil 30 meter høg.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Det var 30. desember at ei kjempebølgje trefte oljeriggen COSL Innovator ved Troll-feltet ute i Nordsjøen. Ein mann omkom, to personar vart lettare skadd og over 40 personar vart evakuert inn til land.

Selskapet COSL har førebels anslått at kjempebølga som trefte kan ha vore opptil 30 meter høg. Den knuste 17 vindauge i seks lugarar på babord side av riggen. 53 år gamle Rune Morten Narvåg var på lugaren då han omkom.

LES OGSÅ: Mann døde da bølge traff borerigg i Nordsjøen

LES OGSÅ: Riggarbeidar var på lugaren då han døydde

– Ei unik hending

Oljeriggen som vart råka av bølgja har eit design som er det vanlege for denne typen riggar over heile verda. Det fortel administrerande direktør Ernst Meyer i klasseselskapet DNV-GL, som tidlegare hadde namnet Veritas.

Selskapet jobbar med skipsklassifikasjon, sertifisering, testing og inspeksjon innan maritim næring og olje og gass over heile verda.

– Vi er ikkje kjent med tidlegare at sjø har slått over nokon av dei riggane som vi klassifiserer på. Dette er ei unik hending som triggar at vi må grundig sjå på kva som har skjedd, seier Meyer til NRK.

Knuste ruter på COSL Innovator

SYNLEGE SKADAR: Biletet viser korleis fleire av vindaugsventilane på riggen er knuste etter ulukka.

Foto: Leif Rune Løland

Krav kan bli endra

Klasseselskapet må sjå om det er behov for å endre på standardar og designkriterium for denne type oljerigg over heile verda.

– Vi veit ikkje nok om bølgja som råka riggen. Det kan hende at den er større enn det designreglane gjeld for. I så fall er ikkje riggen designa for ei slik bølgje, seier Meyer.

Då ulukka skjedde, vart det sagt at bustadkvarteret på riggen låg mellom 20–25 meter over havoverflata. Seinare har det vist seg å ikkje stemma.

Pressekontakt Marius Parmann i COSL seier lugarane låg frå 15 til 20 meter over vassoverflata då brottsjøen trefte.

– Vi må komme til botns i korleis dette kunne skje. Vi ventar på granskingsrapportane, seier han.

Skal tole 100-årsbølge

Meyer i DNV-GL seier oljeriggen er designa for å tole ei 100-metersbølgje i det havområdet som den opererer i. For norsk sokkel betyr det ei bølgje på 32–33 meter høgde.

30. desember låg COSL Innovator i sokalla «survival mode», på grunn av uvêret.

– Då sikrar ein riggen ved at ein aukar klaringa mellom sjøen og dekket. Det verkar på meg som om prosedyrane her er følgt. Det betyr at vi må sjå på designkrava som er sett, seier Meyer.

COSL Innovator

TIL LAND: Her er riggen på veg til land berre timar etter dødsulukka i romjula.

Foto: Lars Christian Wallace / NRK

Vurderinga av kva lugarane på bustadseksjonen skal tola, er ein del av totalvurderinga som klasseselskapet gjer.

Både COSL og Petroleumstilsynet granskar no ulukka, medan politiet har opna undersøkingssak.