Hopp til innhold

Det er ikkje lov å hindre dette

Allemannsretten kan hindra Odda kommune i å stoppe turistar som vil gå til Trolltunga. Kommunen ønskjer å kontrollere turiststraumen.

Turister på Trolltunga

MASSETURISME: Stor tilstrøyming av til dels dårleg førebudde turistar gjer at Odda ønskjer å kunne stoppe einskilde turgåarar.

Foto: Asle Hella / NRK

Sjølv med fleire tiltak for å betra informasjonen til turistane, sprenger hjelpekorpsa kapasiteten på grunn av dei mange redningsaksjonane til det populære turistmålet.

Forslag om å regulere turismen har kome opp. Det skapar nye problemstillingar rundt allemannsretten.

Nok er nok

Røynda for redningsmannskapa er denne: Utmatta turistar må reddast ned. Dei har ikkje vore førebudd på turen.

Hjelpemannskapa må fortelje dei kva retning dei skal gå, og kor dei skal setje beina.

I tillegg er talet på turistar no så stort at det er timelang kø for å kome seg ut på utspringet på nokre tidspunkt.

Kommunen meiner at nok er nok.

Turkart Skjeggedal til Trolltunga

Sjekkar lova

– Vi ønskjer å leggja restriksjonar på dagar der det er farleg, eller stoppe folk som ikkje er førebudd, seier Roald Aga Haug (Ap), ordførar i Odda kommune.

– Folk kjem frå heile verda med eitt mål: Å gå på Trolltunga. Det gjer at vi får problem med boss, at folk må på do, og så vidare. Det meir alvorlege er at ein del menneskje som går innover, er for dårleg utrusta, seier Aga Haug.

Han vil no undersøkje om om lovverket gjer det mogleg å nekte einskilde turistar.

Men det kan bli vanskeleg.

– Må vere siste skritt

– Vi har eit mål om at mest mogleg av naturen skal vere tilgjengeleg, seier seniorrådgjevar Arild Sørensen i Miljødirektoratet.

Å regulere tilkomsten bør vere siste skritt.

Arild Sørensen, seniorrådgjevar i Miljødirektoratet

Hovudprinsippet er at folk har ansvar sjølv når dei er i naturen, fortel Sørensen. Det finst ein paragraf i friluftslova som gjer det mogleg å regulere turismen på plassar med særs stor tilstrøyming.

– Men den regulerer sanitære forhold, slitasje og forsøpling, Folks tryggleik faller utanom. Dei tenkte ikkje på det då dei lagde lova, seier Sørensen.

Lova frå 1957 er ikkje tilrettelagd for moderne masseturisme, meiner Sørensen.

– Å regulere tilkomsten bør vere siste skritt, legg han til.

– Du får et nytt perspektiv på Norge av å komme litt opp