Hopp til innhold

Desse damene vil ta makt frå Oslo

– No er tida inne for å bygga eit sterkt Vestland som motvekt mot ein sterk Oslo-region, seier fylkesordførar i Hordaland. Men Sogn og Fjordane gjer seg kostbare.

Jenny Følling og Anne Gine Hestetun

MINDRE SENTRALISERING: Både Fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap), og Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp), ønsker at Vestlandet skal få meir innverknad. Men korleis ein ny vestlandsregion skal organiserast er dei ikkje heilt einige om endå. Sogn og Fjordane krev at alle dei fire vestlandsfylka må vera med i ein ny vestlandsregion.

Foto: SØLVE RYDLAND / NRK

Det nye fleirtalet i Hordaland fylkeskommune har sett seg som mål om å legga ned fylkeskommunen og samla vestlandet i ein ny folkevalt region.

– Me som er fylke på Vestlandet har så mykje felles interesse i å få til ein slagkraftig god region. Det har eg ikkje tenkt skal gå meg hus forbi, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

I samband med hennar eige nyttårsmøte i Bergen denne veka starta nabopraten med naboen i nord.

Rogaland på si side har valt å halda døra open både mot agderfylka i sør og vestlandsfylka.

– Me er reserverte

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling frå Senterpartiet, vedgår at det sitt langt inne å slå seg saman med storebroren i sør.

– Me er nok litt reserverte, fordi me var gjennom ein regionreform i 2010 som ikkje vart mykje av. Men me har eit fylkestingsvedtak på at me skal starta nabopraten.

Sogn og Fjordane meiner alle dei fire vestlandsfylka bør med på laget om ein vestlandsregion skal komma på tale.

Nærøyfjord, Aurlandsfjord - Vestlandet

VILL NATUR: Vestlandet er kjent for høge fjell og djupe fjordar. Her frå Nærøyfjorden.

Foto: Tomasz Furmanek

Har tru på ein vestlandsregion

At dei tre fylkesordførarane i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane finn tonen er håpet til leiar i kommunal og regionalkomiteen på Stortinget, Helge Andre Njåstad, frå Framstegspartiet.

Sjølv om partiet helst vil kvitta seg med heile fylkesnivået – har Njåstad tru på ein større vestlandsregion.

– Om ein representerer heile Vestlandet har det mykje større kraft og gjennomslagsmoglegheit enn om ein delar inn i tre ulike fylkeskommunar som i dag. Om ein er vestlandspatriot så trur eg dette kan vera bra for regionen.

Helge André Njåastad (Frp) utenfor Stortinget

OPTIMIST: Leiar i kommunal og regionalkomiteen på Stortinget, Helge Andre Njåstad (FrP), meiner ein eigen vestlandsregion er rette vegen å gå.

Foto: Andrea Øien Sæverud / NPK

Regjeringa sitt mål er at Stortinget skal gjera vedtaket som erstattar fylkeskommunane med større regionar våren 2017.

Sist samanslåing av fylkeskommunane stod på dagsorden var det berre Hordaland som var positive til ein større vestlandsregion – og den raudgrøne regjeringa sin regionreform havarerte.

– Kan bli eit tungt prosjekt

Jenny Følling meiner makt må overførast frå staten til regionane om Sogn og Fjordane skal la seg freista av storebroren i sør. Ho vil helst ha med Møre og Romsdal på laget.

– Me vil nok sjå på kva for gevinst som er i dette for oss. Me er ikkje tenkt å tapa saker. Det som kan bli den største kampen er om staten er villig til å gi frå seg oppgåver og myndigheit. Eg trur det kan bli eit tungt prosjekt, men me må i alle fall prøva, seier Følling.