Hopp til innhold

Vil ikkje ha Agder inn i ny vestlandsregion

Høgrepolitikar Sveinung Stensland frå Haugesund, ønskjer velkommen planane om at Rogaland skal gå saman med Hordaland i ein vestlandsregion. Men han vil ikkje ha med Agder, slik fylkesordføraren i Rogaland foreslår.

Sveinung Stensland, Høyre

Høgrepolitikar Sveinung Stensland meiner Rogaland bør inn i ein vestlandsregion.

Foto: John Petter Hernes

– Eg synest me skal konsentrera oss om Vestlandet når me skal tenkja store tankar. Me er vestlendingar og ikkje sørlendingar. Eg føler meg som vestlending, ikkje sørlending, og eg trur dei fleste andre rogalendingar er samde med meg.

Sveinung Stensland kjem frå Haugesund og representerer Rogaland for partiet Høgre på Stortinget.

Han har høyrt med interesse på forslaget om tettare samarbeid mellom Rogaland og nabofylka, frå den nye KrF-fylkesordføraren Solveig Ege Tengesdal i Rogaland, men tankane om å utvide regionen sørover likar han ikkje.

vestlandet

Les også: Vil slå saman heile Sør-Vestlandet

Forskjell på sørland og vestland

– Kva har du imot Sørlandet?

– Eg har ingen ting imot Sørlandet. Men egdar er sørlendingar og rogalendingar er vestlendingar. Me bør ta utgangspunkt i Vestlandet når me skal gjera denne jobben her.

Stensland minner om at E39 blir ferjefri nordover mot Bergen om 10–15 år. Han meiner også at næringslivet har mest felles på Vestlandet og ikkje minst hevdar Stensland, frå Haugesund, at identiteten er bortimot felles for Rogaland og Hordaland.

– Alle som bur nord for Boknafjorden hadde nok meint at det var rart om me brått blei ein del av ein sørlandsregion, seier Stensland.

Fylkesordføraren ser også sørover

Den nye fylkesordføraren i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal, kjem frå Egersund, som ligg sør i fylket. Ho har både firefelt motorveg mellom Kristiansand og Stavanger, og utbetringar av Sørlandsbanen i tankane, når ho sender ein invitasjon til agderfylka.

Solveig Ege Tengesdal

Den nye fylkesordføraren i Rogaland ser både mot sør og mot nord for å finne ein ny fylkesregion på Vestlandet.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Les også: Vil slå saman heile Sør-Vestlandet

Dette gjer ikkje inntrykk på Sveinung Stensland.

– Du kan alltid finne argument for å gå sørover, det er ikkje det. Men skal eg vera med å støtte bygging av større regionar så skal det vera støtte til ein vestlandsregion, ikkje inkludert Sørlandet, slår Stensland fast.