NRK Meny
Normal

Denne russegjengen laga sin eigen russelåt mot grove russelåtar

Russen på Fyllingsdalen vidaregåande skule i Bergen såg seg leie på russemusikk med sexistisk innhald.

Russen ved Fyllingsdalen vgs

RAPPAR OM HALDNINGAR: "Ver forsiktig når du leikar med ord, for haldningar kan vera farlegare enn du trur", er ein del av teksten i den nye låten til Lille Tøs 2017 ved Fyllingsdalen vgs.

Foto: Privat

Fleire av årets russelåtar har fått kritikk for grovt innhald og sexistiske tekstar. Spesielt mykje omtale fekk låten til den bergenske russebussen «Playboy 2017».

Med strofer som «Er du tretten, er du med / når du suger, så gå ned» fekk den bergenske russebussen og låtskrivarane bak låten mykje medieomtale.

No har tredjeklassing Oda Sellevold og klassen hennar på Fyllingsdalen vgs. laga ein låt som tar eit oppgjer med trenden.

– Me har laga det som eit slags motsvar til alle dei russelåtane som går rundt på nett og Spotify, som ikkje er så veldig hyggelege med det kvinnelege kjønn, seier Sellevold.

«Kan vera farlegare enn du trur»

Saman med Ingrid Solheim og resten av klassen har Sellevold laga ein låt med ein klar beskjed til andre russ:

Sjølv om du er bergensar, så finst det faktisk grenser. Dine gamaldagse tendensar til å setta namn på jenter, som ikkje ein gong stemmer, vil ein dag få konsekvensar.

Russelåt Lille tøs 2017

– Me meiner det er viktig å seie ifrå, og å stå opp for det me meiner, seier Sellevold.

Jentene trur dei grove tekstane har negativ innverknad på folk.

Oda Sellevold og Ingrid Solheim

JENTENE BAK RUSSELÅTEN: Oda Sellevold og Ingrid Solheim.

Foto: Privat

– Det tar kvinnekampen eit steg tilbake. I tillegg er det jo mange unge folk som høyrer på desse songane, og deira oppfatning av korleis kvinner er, og korleis ein kan behandla kroppen til ei kvinne, blir kanskje litt vridd.

– Kan ikkje sei kva ein vil

Greta Madsen er læraren til jentene. Ho meiner elevane har gjort noko viktig.

– Eg elskar jo det at jenter spesielt reagerer på at dette ikkje går lenger.

Dei kallar det parodi, men me saknar litt verdi. Det er greitt at det er greitt å tulle, greitt å feste og vere full. Men ver forsiktig når du leikar med ord, for haldningar kan vera farlegare enn du trur.

Russelåt Lille tøs 2017
Greta Madsen og elevane

ELSKAR DET: Lærar Greta Madsen elskar at jentene har reagert på dei grove tekstane i russelåtane.

Foto: Privat

Madsen håpar at låten kan bidra med diskusjon og reaksjon.

Ho meiner grove russelåtar ikkje burde vore laga.

– Ein kan ikkje berre sei kva ein vil, og koma unna med det. Og viss ein syng med, må ein i alle fall vita kva ein syng om.

Siste video

Programelder Øyvor Bakke
Listetoppene i Hordaland møttes til stor debatt, i samarbeid mellom BT, BA og NRK.
Bergensartisten avsluttet den store valgdebatten på Festplassen i Bergen.