Den aggressive «Hamnesjefen» blir avliva

Os kommune tek affære etter at kjendis-svana angreip eit barnehagefølgje og drog jente under vatn.

Havnesjefen

DØDSDOM: Måndag fekk Hamnesjefen i Os dødsdommen. Etter ein omfattande diskusjon, bestemte kommuneleiinga at den aggressive svana ikkje får fleire sjansar.

Den berømte og etter kvart berykta svana «Hamnesjefen» må bøta med livet etter fleire uheldige episodar i hamnebassenget i Os. Seinast fredag gjekk den store knopphannsvana til angrep på ei jente, som bada i fjøra saman med fleire barnehagebarn.

Fungerande ordførar Trine Reiertsen (Frp) besøkte familien til den angripne jenta i helga, og uttrykte uro for det alvorlege angrepet.

– Flytting er ein moglegheit, men for oss er det først og fremst avliving som blir diskutert, sa Reiertsen til NRK sundag.

Marie Bruarøy

ORDFØRAR: Marie Bruarøy (H) meiner Os kommune ikkje hadde noko val etter fleire angrep den siste tida.

Foto: Christian Lura / NRK

– Har trakka over ein strek

Etter at kommuneleiinga i Os kommune måndag diskuterte kva dei skulle gjera med den populære, men òg hata fuglen, er utfallet klart.

– Det er trist, men etter angrepet fredag har me rett og slett ikkje noko val. Han har tråkke over ein strek no. Det har vore så mange episodar og angrepet før helga gjorde at folket har bede oss ta ansvar, seier ordførar Marie Bruarøy.

Ut frå Naturmangfaldslova har kommunen heimel til å ta livet av den freda knoppsvaner, dersom han utgjer ein fare for menneske.

– Politiet vil no få oversendt vedtaket frå kommunen, som igjen vil setja i verk tiltaket gjennom lokal viltkontakt, skriv ordføraren i ei pressemelding.

Havnesjefen i Os

DØDSDOM: Den mykje omtalte svana i Os kommune fekk måndag dødsdommen. Her er Hamnesjefen fotografert i 2012.

Foto: Jan Petter Svendal

Blitt plaga og jaga med båt

Os kommune har fleire gongar betalt veterinærutgiftene til svana , som i mange år har oppheldt seg ved hamnebassenget i Os, sør for Bergen.

– Han har blitt ein institusjon for mange i Os, og eg har full forståing for dei som er glade i han.

Meiningane har vore svært delte om svana sitt glade sentrumsliv, og mange har gjort det dei kan for å jaga knoppsvana vekk.

– Det er ikkje til å stikka under ein stol at Hamnesjefen har blitt plaga opp gjennom åra. Mange har vore vitne til at han har blitt stygt behandla, terga og blitt jaga med båt. Det har nok bidrege til at han er så aggressiv.

– Eg har full forståing for dei som synest dette er vondt, men me må lytta til barnefamiliar som oppheld seg på ei offentleg strand. Dette er ikkje eit naturreservat, dette er eit sentrum.

– Lynsjestemning i Os

Sølvi Bugge oppretta Facebook-gruppa «Svanene i Os og Hamnesjefen» i 2010. Ho er forferda over beskjeden om at svana no blir avliva.

– Eg er så skuffa og lei meg over at Os kommune har det så travelt. Det løyser ingen problem å avliva han. I løpet av sommaren vil det koma nye svaner som vil ta over området. Dette er berre tragisk, seier Bugge.

Ho har all mogleg sympati med barna og familien til jenta som blei angripen, men kallar stemninga som har prega Os sidan fredag, for «lynsjeprega».

I sju år har Bugge forsøkt å formidla kunnskap om svanene som har tilhald i Os. No legg ho inn årene.

– Ein god del har teke til seg denne informasjonen, men ei lita gruppe har valt å oversjå det me har sagt. Desse er vinnarane i dag.