Hopp til innhold

Her kjempar «Havnesjefen» for livet

Den skadde ulykkesfuglen «Havnesjefen» ligg no på operasjonsbordet. Veterinærteamet på Osøyro dyreklinikk gjer det dei kan for å redda han.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Veterinærteamet er klar for å gjera det dei kan for å prøva å redda «Havnesjefen».

Havnesjefen hos veterinær

SKADD: Osingane sin kjæle-svane «Havnesjefen» vart funnen skadd i hamnebassenget tysdag kveld.

Foto: Stine Mari Velsvik / NRK

– Vi skal putte heile hovudet med nebbet inn i denne provisoriske gassmaska for å bedøve han, seier veterinær, Eva Kristin Lunde.

NRK kunne i går fortelja den triste svanehistoria frå Os. Tysdag ettermiddag rykka brannvesenet ut for å fanga den skadde fuglen «Havnesjefen», som er ein kjendis i Os.

To opne brot i foten

Fleire forbipasserande slo alarm etter å ha sett svanen liggja nesten livlaus i fleire timar. Fyrst trudde ein at svanen berre sat fast i eit fiskesnøre, men no er teorien at svanen kan ha fått foten inn i ein båtpropell og skadane var verre enn som så.

– Svanen har to opne brot i den eine foten. Det eine brotet er leddnært og beinet er knust. Såra er veldig stygge, seier Lunde.

Pasienten har låge på Osøyro dyreklinikk med bandasje og har fått smertestillande og antibiotika. Ein var lenge i tvil om avliving var den beste løysinga, men onsdag formiddag vart det bestemt at veterinærteamet skulle prøva å ordna skadane og at det vart operasjon.

Her skal Havnesjefen undersøkes

GASSMASKE: Veterinærteamet har laga ein provisorisk gassmaska for å bedøva den skadde ulykkesfuglen.

Foto: Stine Mari Velsvik / NRK

– Spennande å sjå

– Vi må no ta vekk lause fragmenter av beinbitar og sy dei igjen. Så må vi setja han på antibiotika og bandasjera han, seier Lunde.

I dag kjem dei berre til å ta vekk dei lause fragmentene, og så må dei venta nokre dagar for å sjå kva som skjer.

– Dette tar litt tid, så vi må vurdera etter nokre dagar om vi må setja inn pinnar og prøva å stabilisera brota, eller eventuelt av vi må amputera. Så det blir veldig spennande å sjå korleis det går, seier Lunde før operasjonen.

Etter operasjonen blir han lagt inn igjen i buret, der han skal få stell og omsorg.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Sjå video frå operasjonen.