Hopp til innhold

Svele-demonstrasjon mot ferjefri E39

Natur og Ungdom fryktar ferjefri E39 vil føre til auka trafikk og nye naturinngrep. I dag møtte dei med sveler på ferjekaia ved Halhjem for å protestere mot planane.

Natur og Ungdom protesterte i dag mot ferjefri E39.

Med sveler til passasjerane og eit banner med teksten «Ja til svele, kaffi og kvil. Nei til atter meir bil» viste Natur og ungdom si meining om dei nye vegplanane.

– Vi er veldig glade i denne ferja, og synest den er mykje betre enn planane om å bygge ei svær bru. Difor vil vi gjerne minne folk på at ferje er ein fin stad å få seg ei pause, gjerne med kaffi og sveler, seier Gaute Eiterjord i Natur og Ungdom.

Fryktar auka trafikk og naturinngrep

Ungdommane er tydeleg på at dei verken vil ha ferjefri eller svelefri E39.

– Ei bru vil føre til mykje meir trafikk, og mykje av den vil også gå inn til Bergen som allereie slit me for mykje bilar i sentrum. I tillegg vil bygginga av ei bru føre til nye inngrep i landskapet både sør og nord for fjorden, fryktar Eiterjord.

Natur og Ungdom protesterer mot ferjefri E39

DELTE UT: Syvert Kråkenes og Natur og Ungdom delte i ut sveler til mange av bilistane på Halhjem.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Støtte frå bilistane

Fleire av passasjerane på kaia er lydhøyre for bodskapet til Natur og ungdom.

– Det er fint å få litt pause når ein har ungar bak i bilen, seier ferjepassasjer Frede Hatlen.

– Ja, eg synest det er veldig bra. Eg køyrer her ganske ofte og synest det er veldig greitt å ha desse pausane på ferjene nedover. Så lenge ferjene går jamleg og ein ikkje blir ståande her, så er det greitt, meiner Bjørn Vigeland.