Hopp til innhold

Dark Room-dømd tiltalt for nye overgrep medan han sona

BERGEN TINGRETT (NRK): Mannen (25) fekk permisjon frå fengselet for å studere. Då oppretta han kontakt med ei jente han allereie var dømd for overgrep mot.

Janne Ringset Heltne

AKTOR: Janne Ringset Heltne er aktor i saka mot den 25 år gamle studenten.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

25-åringen vart først pågripen av politiet i 2015. Arrestasjonen sparka i gang heile den mykje omtala operasjon «Dark Room» i Vest politidistrikt.

Fredag møter mannen på nytt i Bergen tingrett. Denne gong tiltalt for seksualisert chat og bildedeling med til saman fem mindreårige gutar og jenter.

Mannen erkjente delvis straffskuld. Han meiner det berre var seksualisert chat med to av dei fornærma.

Fri for å studera

Hendingane han er tiltalt for skjedde over nokre månadar i fjor vår, då mannen allereie sona ein overgrepsdom.

I november 2016 vart han dømd til tre år og åtte månadars fengsel for overgrep mot fleire jenter og gutar i 14-15-årsalderen.

Men det skal gå få månadar før politiet meiner mannen er i gang med nettovergrep, medan han sonar «Dark Room»-dommen i Bergen fengsel.

Våren 2017 fekk 25-åringen innvilga tre dagar fri i veka, for å studera ved Universitetet i Bergen.

Ellen Eikeseth Mjøs

I RETTEN: Bistandsadvokat Ellen Eikeseth Mjøs var den som gjorde politiet merksemd på at 25-åringen hadde tatt kontakt.

Foto: Per Christian Magnus / NRK

Fleire kontoar på Snapchat

Slik fekk han tilgang til mobiltelefon, som han då brukte til å opprette fleire kontoar på Snapchat.

Her oppretta han kontakt med fleire mindreårige.

– Eg fekk eit tilbakefall. Var einsam og følte meg avskoren frå samfunnet. Eg trengde nokon å snakka med, forklarte 25-åringen i tingretten fredag.

Alarmen gjekk i juni 2017. Ei jente som 25-åringen vart dømd for overgrep mot i 2016, fortel bistandsadvokaten sin om at dei har hatt kontakt på ny.

Politiet tok beslag i mobil og harddiskar og fann lagra meldingar i Snapchat. Fleire av chatteloggane som blir opplese i tingretten i dag er av svært seksualisert karakter.

– Eg veit at eg har problem og veit at dette var feil. Men det var sånn eg løyste problemet mitt då. Eg trengde dette for å forstå, forklara 25-åringen i retten.

Melde dei nye forholda

Det var bistandsadvokat Ellen Eikeseth Mjøs som melde til politiet dei nye forholda.

– Det er urovekkande at ein som er domfelt for omfattande straffbar kontakt med mindreårige barn, kan fortsetje med meldingar på sosiale medium når han er under soning, seier Mjøs.

Aktor la i retten fredag ned påstand om 30 dagar vilkårslaus fengsling for den tiltalte. Forsvarer Fredrik Verling protesterte ikkje på det.

– Sjølve handlinga og saka ligg i eit nedre sjikt, som i seg sjølv normalt ikkje ville ført til vilkårslaus reaksjon. Men no er han dømd tidlegare og når dette har skjedd under soning så er det skjerpande, seier Verling.

Det er sett av ein dag til rettssaka i Bergen tingrett.