Hopp til innhold

Brukte seks millionar kroner mindre enn venta på VM

Medan VM-arrangøren går i dundrande underskot, har vertskommunen pengar til gode. Men byrådet vil ikkje gi arrangøren ei krone meir.

Blide damer på Fløyen under sykkel-VM

MINDRE: 5,8 millionar kroner som var sett av til avviklinga av sykkel-VM i Bergen, går vidare til kommunens budsjett for neste år.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

To veker etter at arrangøren presenterte blodraude tal etter sykkel-VM, har Bergen kommune fått eit overblikk over kva meisterskapen kosta dei.

NRK har fått tal som syner at kommunen brukte 5,8 millionar kroner mindre enn venta.

– Vi skal ikkje bruke meir enn vi treng, så eg er veldig glad for at vi no har nesten seks millionar kroner som vil komme innbyggjarane til gode på ein anna måte i neste års budsjett, seier finansbyråd Dag Inge Ulstein (KrF).

Måtte sikre tenestene

Det var i vår at byrådet såg seg nøydde til å gi ei ekstraløyving på 45,4 millionar kroner til sykkel-VM.

Etter å ha gått ein runde med dei ulike byrådsavdelingane, vart det konstatert at dei 20 millionane som var sett av i 2013 langt ifrå var nok for å sikre at kommunen skulle fungere som normalt.

Ekstraløyvinga vart henta frå posten for sentral avsetting til usikkerheit. Men løyvinga viste seg altså å vera for stor.

Tala så langt viser at sykkel-VM har kosta Bergen kommune totalt 65 millionar kroner, medrekna underskotsgarantien til arrangøren.

Samvirkesentralen

SAMARBEID: Nokre av ekstraløyvingane gjekk med til dette samvirkesenteret, der 32 ulike aktørar, mellom anna frå naudetatane, sat samla under VM-dagane.

Foto: Dyveke Baunes / NRK

Billigare helse- og omsorgstilbod

Av dei ekstraløyvinga som vart sett av i vår, er det byrådsavdelinga for helse og omsorg som "betalar tilbake" mest.

Her var det sett av 6,9 millionar kroner for å gi rom til å auka bemanninga ved Bergen legevakt, i heimetenesta og på sjukeheimar.

Men avdelinga har berre brukt 4,1 millionar kroner. Også byrådsavdelingane for finans og barnehage, skole og idrett har brukt mindre enn dei trudde på førehand.

  • Sjå heile oversikta i botn av artikkelen

– De har ikkje berre tatt litt for hardt i på budsjettet?

– Vi måtte legga oss på det nivået for førebu kommunen best mogleg. Det hadde vore verre om vi ikkje hadde hatt kontroll og måtte gått til bystyret for å dekke eit underskot, svarar Ulstein og rosar dei ulike avdelingane for å ha vist god disiplin i pengebruken.

Finansbyråd Dag Inge Ulstein i KrF

NØGD: Finansbyråd Dag Inge Ulstein (KrF) er glad for at dei ikkje må be om meir pengar frå bystyret til sykkel-VM.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Gir ikkje meir til arrangøren

Medan kommunen kan klappe seg sjølv på skuldra for økonomihandteringa, står det langt verre til med arrangøren Bergen 2017.

Bergen kommune har allereie lova 5,2 millionar kroner i ein underskotsgaranti til Bergen 2017. At dei no har pengar til overs, som opphavleg var sett av til VM, betyr ikkje at den garantien blir større.

Finansbyråden seier kommunen treng dei pengane sjølv.

– Så eg vil heller snu på det. Vi har brukt nærmare 65 millionar kroner for sikre gode tenester til innbyggjarane våre, under eit arrangement som vart fantastisk for byen.

Kommunens bruk av ekstraløyvingane frå våren 2017

Avdeling

Budsjett

Blir ikkje brukt

Byrådsleiars avdeling

11.400.000

Finans, innovasjon og eigarskap

3.100.000

1.700.000

Helse og omsorg

6.900.000

2.743.000

Barnehage, skole og idrett

500.000

500.000

Byutvikling

20.500.000

Sosial, bustad og inkludering

500.000

466.300

Klima, kultur og næring

2.500.000

395.000

Totalt

45.400.000

5.804.300