Hopp til innhold

Bonden måtte avliva si beste ku

Brusboksar i naturen skjer hol i magen til Dagros. No krev miljøvernforbundet dyrare pant på boksar og flasker.

Brusbokser tar livet av kyr

SOM BARBERBLAD: Tomme øl- og brusboksar ligg strødd på norske slåttemarker. Mange finn vegen til matfatet til kyrne.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Me plukkar vekk ni av ti boksar, men det trengst berre éin boks for å øydelegga fleire dyr.

Fredag skreiv avisa Nordhordland om Magnar Askeland frå Holsnøy.

Mjølkebonden i Meland kommune har på kort tid plukka fem øl- og brusboksar i marka. I det høge graset langs fylkesvegen kryr det av dei.

– I slåtten har eg funne fem boksar til no. Då har me allereie plukka tidlegare i vår.

Bonde Magnar Askeland på Meland

MÅTTE AVLIVA: Magnar Askeland var nøydd til å avliva den beste mjølkekua denne sommaren. Grunnen var at ho hadde ete ein brusboks som hadde hamna i høyet.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Vanskeleg å finna

Boksane som ikkje blir funne, blir kvesta i slåtten og hamnar til slutt i foret til dyra.

Fredag skreiv Nordhordland at bonden måtte avliva si beste mjølkeku etter at kua fekk aluminiumsbitar i magen.

– Og då ser dei slik ut. Det er jo reine barberblad, dette her. Me slår over store område, og legg ikkje merke til det om desse går i maskina. Og dei er vanskeleg å finna i høgt gras, fortel Askeland.

Fleire andre kyr har blitt kasserte ved slakting, då det blei oppdaga aluminiumsbitar i dyret. Det betyr at dyret har levd med store smerter.

– Det er jo forferdeleg.

Veterinær Arne Per Viken i Mattilsynet

BARBERBLAD: Veterinær Arne Per Viken i Mattilsynet seier slike tilfelle er vanlege. – Det blir som om å blanda eit barberblad i maten til folk.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Som å blanda barberblad i maten til folk

Mattilsynet får årleg meldingar om kyr som får i seg skadelege gjenstandar. Aluminiumsboksar, som har ei nedbrytingstid i naturen på rundt 300 år, er noko av det verste.

Kyr er ukritiske til det dei et. Når aluminiumsboksar blandar seg i resten av høyet og hamnar i siloballar og vanleg silo, er det kort veg til matfatet i floren.

– Å slenga frå skarpe gjenstandar ut på slike grøne engar, kan samanliknast med å blanda barberblad i middagsmaten til folk, seier veterinær Arne Per Viken i

Krev høgare pant

– Dei som kastar dette frå seg tenker ikkje på lidingane dyra blir utsette for. Eit av verdas mest uskuldige dyr gomlar på høy og får brått ein kniv i magen. Eg synest det er ei grufull sak, seier leiar i Norges Miljøvernforbund, Kurt Oddekalv

På grunn av tilfelle som det i Meland, kjempar Miljøvernforbundet for høgare pant. Miljødirektoratet har tidlegare teke til orde for å dobla prisen på pant, men panten er framleis den same som då han blei innført i 1986. I 2016 sa Odd Henriksen (H), som sit i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, at han ikkje ser behovet for å auka panten.

Kurt Oddekalv

VIL HA DYRARE PANT: Kurt Oddekalv i Noregs Miljøvernforbund meiner det er uforståeleg at prisen på pant enno ikkje er heva.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Det må til ein dobling av prisen på boksar og flasker for å forhindra at personar hiv dette i naturen. Det bør ingen protestera på, seier Oddekalv.

På Holsnøy hadde ikkje Askeland mykje anna val enn å avliva kua. Han håpar på ei haldningsendring, men har elles lite handlingsrom.

– Det beste er viss folk skjønar problemet, og tenkjer seg om før dei kastar slikt i naturen.