Hopp til innhold

Ber jenter slutte å skamme seg på do: – Tisselydar er ikkje farleg

Fleire offentlege toalett blir fløymde over fordi ungdom let vatnet renne for å overdøyve lydane frå dobesøket. Eit tabu, meiner «Helsesista».

Tale Maria Krohn Engvik

– HEILT NATURLEG: Tale Maria Krohn Engvik, også kjend som «Helsesista», synest det er leit at ein skal skamme seg over naturlege kroppslydar. – Det er faktisk ikkje så farleg, seier Engvik.

Foto: Magnus Gamlem / NRK

– Eg er ikkje akkurat overraska over at mange synest det kan vere vanskeleg at andre høyrer dei når dei er på do, seier Tale Maria Krohn Engvik, også kjend som «Helsesista».

Fredag fortalde NRK om Husnes storsenter, som må skifte golv for mange tusen kroner etter overfløyming på dametoalettet. Også på ungdomssenteret i kommunen har dei opplevd fleire overfløymingar.

Fleire tenåringsjenter stadfestar at det er vanleg blant jenter å bruke springen til å overdøyve lydar som oppstår ved toalettbesøk.

– Folk er livredde for at nokon skal høyre dei tisse, fortel Cecilie Håvik (16).

Det uroar Engvik.

– Jenter skal ikkje skamme seg over å lage lyd på do. Det er heilt naturleg, seier helsesystera.

– Eit triks mange brukar

«Helsesista» er kjend med at ungdom let vatnet renne medan dei er på toalettet.

– Det er eit triks eg veit mange brukar. Men viss dette er eit så stort problem at det gjer skadar, er det noko vi må snakke med ungdomen om, seier Engvik.

Senterleder Geir Jakobsen på Husnes storsenter

FORTVILA: Senterleiar Geir Jacobsen ved Husnes storsenter må skifte golv på dametoalettet etter at vatnet frå springen fløymde over. – Eg trur ikkje ungdomane forstår kor store skader dei påfører oss, seier Jacobsen fortvila.

Foto: Hilde Førde Tislevoll / Kvinnheringen

Den populære helsesystera har om lag 50.000 følgjarar på Snapchat, der ho tek opp tema som kan vere vanskelege å prate om.

– Det er faktisk eit tabu. Det aller verste er nok å bæsje eller prompe. Eg likar jo å ta opp tabubelagde tema, så kanskje eg må ta dette opp på Snapchat, seier Engvik.

– Ikkje berre unge jenter

Lege Wasim Zahid er einig med Engvik, men innrømmer at han sjølv er ein av dei som let vatnet renne når han er på offentlege toalett.

Wasim Zahid

NATURLEG MEN PINLEG: Lege Wasim Zahid trur det er vanleg for mange å la vatnet renne medan ein er på toalettet. – Men det er ein dårleg vane å la vatnet renne. Kanskje kunne ein i staden lydisolert toaletta betre.

Foto: Anniken Eidem / NRK

– Eg trur ikkje dette er noko berre unge jenter gjer. Sjølv om det er naturleg, er det enkelte private lydar vi ikkje vil at alle skal høyre. Til samanlikning vert det rekna som uhøfleg å rape ved matbordet og pinleg viss magen rumlar midt i eit møte, seier Zahid.

Leiar i Elevorganisasjonen, Agathe Waage, trur eit press om å vere perfekt kan vere årsaka til «trenden».

– Mange vil vere pene og ordentlege heile tida. Då kan ein naturleg ting som å tisse bli noko ein ikkje ønskjer at andre skal legge merke til. Kanskje må vi snakke meir om årsakene til at det har blitt sånn, seier Waage.

Ho trur fagfornyinga i skulen, som mellom anna gjer livsmeistring til eit tema, vil vere med på å betre situasjonen.

«Høgtalar med vinkelsliparlyd»

Mange har meldt seg på debatten, etter at NRK fortalde om «jente-trenden» fredag. I sosiale medium er det fleire som meiner å ha ei løysing på problemet.

«Ein høgtalar med vinkelsliparlyd for eksempel,» er eit av forslaga.

Musikk på toaletta, berøringsfri armatur og å skylje ned i toalettet og tisse medan det susar vert også føreslått.

Kommentarfelt jente-trend på do

STORT ENGASJEMENT: Saka om jenter som let vatnet renne medan dei er på toalettet, har skapt stort engasjement i sosiale medium. Fleire meiner armatur med sensor kunne løyst problemet.

Foto: Skjermdump / Facebook

– På ein del offentlege toalett er det ofte lytt, og kanskje kunne ein gjort noko for å lydisolere betre. Bakgrunnsmusikk er ingen dum idé, seier Zahid.

– Snu tankegangen

Helsesista trur ein kjem lengst med å snu tankegangen.

– Musikk er koseleg på do, men det bør ikkje vere fordi vi ikkje toler at kroppen vår lagar lydar når vi kvittar oss med luft eller avfallsstoff. Det vil berre vere med på å forsterke tankane om at noko som er naturleg, viktig og nødvendig er feil eller skamfullt, seier Engvik.

– Nyt heller den herlege følelsen det faktisk er å få tømt ei full blære eller tarm!